LibreOffice 24.8 Hjelp
Slår på uthevinga av avsnittsstilar.
Uthevinga av avsnittsstilar gjev ein betre kontroll av bruken av avsnittsstilar i dokumentet.
Uthevinga av avsnittsstilar viser ein farge og eit unikt kodenummer for kvar avsnittsstil som er brukt i dokumentet. Fargen og nummeret vert også vist i den tilsvarande avsnittsoppføringa i feltet
i sidepanelet.Avsnittsstilane får ikkje farge og nummer før dei vert brukte i dokumentet.
i tillegg til fargar og unike nummer som er tilordna stilen, vert avsnitt med direkteformaterte avsnitt viste med eit nummermønster som visuell indikator i den venstre margen.
Når funksjonen for utvida tips er slått på i → , viser eit verktøytips stilnamnet og mange attributt for stilen som er brukt.
Attributta for direkte avsnittsformatering er Disposisjon og liste, Innrykk og mellomrom, Tabulatorar, Område, Gjennomsikt, Kantar, Innfeld forbokstav, Justering, Tekstflyt og Asiatisk typografi.
Teikneigenskapar er ikkje attributt i direkte formaterte avsnitt. Difor vil teiknstilar og direkte formaterte teikn ikkje påverka avsnittsuthevinga.
Bruk Uthev direkte teiknformatering for å visa direkte teiknformatering.