Set dei typografiske innstillingane for celler eller avsnitt i filer med asiatiske språk. For å slå på støtta for asiatiske språk, må du velja Språk og nasjonale innstillingar → Generelt i dialogvindauget Innstillingar og deretter velja Asiatisk i Standardspråk for dokumentet. Dei asiatiske typografiinnstillingane vert ignorerte i HTML-dokument.
Legg til eller fjernar disposisjonsnivå, listestil og linjenummerering frå avsnittet eller avsnittsstilen. Du kan også byrja på ny nummerering eller endra starttalet i nummererte lister og linjenummerering.
Formaterer den første bokstaven i eit avsnitt som ein stor bokstav som kan spenna over fleire linjer. Avsnittet må ha minst så mange linjer som det er sett i linjeboksen.