LibreOffice 25.2 Hjelp
Sorterer dei valde avsnitta eller tabellradene alfabetisk eller numerisk. Du kan velja opptil tre sorteringsnøklar og i tillegg kombinera sortering med tal og bokstavar.
Definerar fleire sorteringsreglar. Du kan også kombinera sorteringsnøklar.
Skriv inn kor mange tabellkolonnar som skal brukast i sorteringa.
Vel sorteringsmåten som skal brukast.
Sorterer i stigande rekkjefølgje (for eksempel 1, 2, 3 eller a, b, c).
Sorterer i fallande rekkjefølgje (for eksempel 9, 8, 7 eller z, y, x).
Sorterer kolonnane i tabellen etter dei gjeldande sorteringsinnstillingane.
Sorter radene i tabellen eller avsnitta i det merkte området etter dei gjeldande sorteringsinnstillingane.
Avsnitta er skilde med ikkje-skrivbare avsnittsmerke. Du kan i staden velja å bruka tabulator eller eit anna teikn som skiljeteikn når du sorterer avsnitt.
Vel dette om dei valde avsnitta samsvarar med ei liste skild med tabulator.
Skriv inn teiknet du vil bruka som skiljeteikn i det merkte området. Ved å bruka eit skiljeteikn, kan LibreOffice avgjera posisjonen til sorteringsnøkkelen i det valde avsnittet.
Opnar dialogvindauget for spesialteikn, der du kan velja kva teikn du vil bruka som skiljeteikn.
Vel språket som skal styra sorteringa. Nokre språk sorterer spesialteikn på andre måtar enn andre språk.
Skil mellom små og store bokstavar ved sortering av ein tabell. Denne sorteringa vert handsama annleis for asiatiske språk.
For asiatiske språk, vel STORE/små bokstavar for å leggja til fleirnivåkollasjon. I fleirnivåkollasjonar vert først grunnforma av oppføringane samanlikna med kasus for forma (diakritiske teikn vert ignorerte). Dersom formene er like, vert dei diakritiske teikna samanlikna. Er formene framleis like, vert små og store bokstavar, teiknbreidd og Japansk Kana-skilnader samanlikna.