LibreOffice 7.1 Hjelp
Vel korleis sluttnotar skal formaterast. Du kan velja nummereringstype og kva for stilar som skal brukast.
Skriv inn nummeret for den første sluttnoten i dokumentet. Dette er nyttig dersom du vil at nummereringa av sluttnotane skal gå over fleire dokument.
Skriv inn teksten du vil visa framføre nummeret til sluttnoten i sluttnoteteksten. Du kan for eksempel skriva inn «til» for å visa «til 1».
Skriv inn tekst du vil visa etter nummeret til sluttnoten i sluttnoteteksten. Du kan for eksempel skriva inn «)» for å visa «1)».
Du bør knytta ein avsnittsstil til sluttnotane i dokumentet for å sikra at dei har ein einsarta utsjånad.
Vel avsnittsstilen for teksten i fotnoten. Du kan berre velja spesialstilar.
Vel sidestilen for sluttnoteteksten.
Du kan tildele stilar til sluttnoteanker og sluttnotetekst. Du kan bruka ein av dei førehandsbestemte sluttnotestilane eller ein annan stil.
Vel teiknstilen som skal brukast på sluttnoteankera i tekstområdet i dokumentet.
Vel teiknstilen som skal brukast på tal i sluttnoteområdet.