Innstillingar for fotnote

Spesifiserer formateringa av fotnoter.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Verktøy → Fotnotar og sluttnotar → Fotnotar


note

Du kan setja fleire innstillingar for fotnotar ved å velja Format → Sidestil og deretter klikka på fana Fotnote.


Autonummerering

Nummerering

Vel nummereringsskjemaet du vil bruka.

Utval

Skildring

1, 2, 3

Arabiske tal

A, B, C

Alfabetisk nummerering med store bokstavar A–Z
Etter element 26, held nummeringa fram som AA, AB, AC, …

a, b, c

Alfabetisk nummerering med små bokstavar a–z
Etter element 26, held nummeringa fram som aa, ab, ac, …

I, II, III

Romartal (store bokstavar)

i, ii, iii

Romartal (små bokstavar)

A,... AA,... AAA,...

Alfabetisk nummerering med store bokstavar A–Z
Etter element 26, held nummeringa fram som AA, AB, AC, …

a,... aa,... aaa,...

Alfabetisk nummerering med små bokstavar a–z
Etter element 26, held nummeringa fram som aa, ab, ac, …


Teljing

Vel nummereringsstil for fotnotar.

Val

Tyding

Per side

Startar nummereringa av fotnotar på nytt øvst på kvar side. Dette valet kan berre brukast når det er sett eit merke i avkryssingsboksen Sideslutt i området Plassering.

Per kapittel

Byrjar nummereringa av fotnotar på nytt i byrjinga av kvart kapittel.

Per dokument

Nummererer fotnotene i dokumentet fortløpande.


Før

Skriv inn teksten som skal visast framføre nummeret til fotnoten i fotnoteteksten. Du kan for eksempel skriva inn «Til» for å visa «Til 1».

Etter

Skriv inn teksten som skal visast etter nummeret til fotnoten i fotnoteteksten. Du kan for eksempel skriva inn «)» for å visa «1)».

tip

Fotnotenummera vert i standardoppsettet venstrejusterte i fotnoteområdet. For å høgrejustera fotnotenummera må du først redigera avsnittsstilen Fotnote. Trykk for å opna dialogvindauget Stilhandsamar og vel Fotnote frå lista med avsnitsstilar. Opna sprettoppmenyen ved å høgreklikka og velja Endra. Gå til fana Innrykk og mellomrom og set innrykk til 0 før og etter avsnittet, også for første linja. På fana Tabulatorar set du inn ein høgretabulator ved 12 pt og ein venstretabulator ved 14 pt. I Innstillingar for fotnotar/slutnotar skriv du \t i innskrivingsboksane Før og Etter.


Start på

Vel nummeret du vil bruka på den første fotnoten i dokumentet. Dette valet kan berre brukast når du har vald «Per dokument» i lista Teljing.

Posisjon

Sideslutt

Viser fotnotane nedst på sida.

Dokumentslutt

Viser fotnotar ved slutten av dokumentet som sluttnotar.

Stil

For å sikra ein einsarta utsjånad på fotnotene, tildel ein avsnittsstil til fotnoteteksten og tildel teiknstilar til ankernummeret for fotnoten og nummeret i fotnoteområdet.

Avsnitt

Vel avsnittsstilen for teksten i fotnoten. Du kan berre velja spesialstilar.

Side

Vel sidestilen du vil bruka for fotnotar.

Merknadsikon

Dette valet kan berre brukast når det er sett eit merke i avkryssingsboksen Dokumentslutt i området Plassering.


Tekstområde

Vel teiknstilen du vil bruka for fotnoteankera i tekstområdet for fotnotar i dokumentet.

Fotnoteområde

Vel teiknstilen som skal brukast for nummerering av fotnotane i fotnoteområdet.

Framhaldsmelding

Fotnoteslutt

Skriv inn teksten du vil vise når fotnotane held fram på neste side, for eksempel «Held fram på side ». LibreOffice Writer vil automatisk setja inn sidetalet til den neste sida.

Først på neste side

Skriv inn teksten som skal visast når fotnotane held fram frå den førre sida, for eksempel «Framhald frå side ». LibreOffice Writer vil automatisk setja inn sidetalet til den førre sida.

Støtt oss!