Tel ord og teikn, med eller utan mellomrom, i den gjeldande markeringa og i heile dokumentet. Teljinga er til ei kvar tid oppdatert og vil endra seg når du skriv inn eller endrar utvalet.
For å bruka denne funksjonen …
Frå menylinja:
Vel Verktøy → Ordteljing
Frå brukargrensesnittet med faner:
Vel Sjå gjennom → Ordteljing.
Vel Ordteljing i fana Sjå gjennom i menyen Sjå gjennom.
Frå verktøylinjer:
Ordteljing
Frå statuslinja:
Trykk i området Teljing av teikn og ord.
Korleis tel LibreOffice ord?
Til vanleg er kvar teiknstreng mellom to mellomrom eit ord. Også tankestrekar, linjeskift og avsnitt er avgrensingar mellom ord.
Ord som alltid inneheld ein synleg delestrek, som plug-in og neste/førre, vert rekna som eitt ord.
Orda kan vera ei blanding av bokstavar, tal og spesialteikn. Den følgjande teksten vert såleis tald som fire ord: abc123 1.23 "$" http://www.example.com.
For å leggja til eit sjølvvald teikn som skal sjåast på som ei ordgrense, vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Generelt og legg til teiknet i Fleire skiljeteikn-feltet. Som standard inneheld dette feltet ein lang tankestrek (—) og ein tankestrek (–).