Orddeling

Set inn bindestrekar i ord som ikkje får plass på slutten av ei linje.

LibreOffice søkjer i dokumentet og føreslår orddelingar som du kan godta eller avvisa. Viss det er merkt eit tekstområde, fungerer dialogvindauget for orddeling berre på den merkte teksten. Viss ingen tekst er merkt, fungerer dialogvindauget på heile dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Språk → Orddeling

Verktøylinja trykkjer du på

Ikon orddeling

Orddeling


Orddeling

Viss du vil setja inn bindestrek i det gjeldande eller merkte avsnittet automatisk, vel Format → Avsnitt og trykk deretter på fana Tekstflyt. Du kan også leggja automatisk orddeling til ein avsnittsstil. I tekst der automatisk orddeling er slått på, vil dialogvindauget for orddeling ikkje finna ord å dela.

Når LibreOffice finn eit ord som bør delast, må du gjera eitt av følgjande:

tip

Dersom du har avsnitt som ikkje skal ha automatisk orddeling, merkjer du avsnitta og vel Format → Avsnitt og fjernar merket for Automatisk under «Orddeling» i fana «Tekstflyt».


note

For å slå av forslaga til orddeling og bruka automatisk orddeling, vel Språk og nasjonale innstillingar → Skrivestøtte og kryssar av for Del ord utan å spørja under området «Val».


For å leggja inn ei mjuk orddeling, klikk på ordet som skal delast ved linjeskift og trykk så + minusteiknet (-).

For å leggja inn ein hard bindestrek, klikk på ordet som ikkje skal delast ved linjeskift og trykk så Shift + + minusteiknet (-).

Før å gøyma mjuke bindestrekar, vel LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og fjerne merket framføre Mjuke bindestrekar.

Ord

Ord

Viser orddelingsforslag for det valde ordet.

Pil venstre/høgre

Bestem plasseringa av bindestreken. Dette valet er berre tilgjengeleg når det er meir enn eitt forslag.

Neste

Ignorer orddelingsforslaget og finn neste ord som kan delast.

Del ordet

Set inn bindestrek på staden du vel i ordet.

Fjern

Fjernar orddelinga frå det viste ordet.

Støtt oss!