LibreOffice 25.2 Hjelp
Deler tabellen opp i to tabellar ved skrivemerket. Du kan òg velja denne kommandoen ved å høgreklikka i ei tabellcelle.
Tek med den første rada i den opphavlege tabellen som den første rada i den andre tabellen.
Set inn ei blank overskriftsrad i den andre tabellen som er formatert med stilen til den første rada i den opphavlege tabellen.
Set inn ei ekstra, tom rad i den andre tabellen.
Deler tabellen utan å kopiera overskriftsrada.
Når du deler opp ein tabell som inneheld formlar, kan formlane verta påverka.