Bruk

Formaterer fila automatisk i høve til innstillingane set i i Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Autoretting → Bruk.


Slå av autoretting

Når du bruker automatisk formatering, gjeld desse reglane:

Autoformatering av overskrifter

Eit avsnitt vert formatert som ei overskrift når desse vilkåra er oppfylt:

  1. avsnittet byrjar med ein stor bokstav

  2. avsnittet er ikkje avslutta med punktum

  3. tomt avsnitt over og under avsnittet

Autoformatering av punktlister og nummererte lister

Du kan laga ei punktliste ved å skriva ein bindestrek (-), ei stjerne (*) eller eit plussteikn (+) etterfylgd av eit mellomrom eller ein tabulator først i eit avsnitt.

Du kan laga ei nummerert liste ved å skriva eit tal med et punktum (.) like bak, etterfølgd av eit mellomrom eller ein tabulator først i eit avsnitt.

Merknadsikon

Automatisk nummerering kan berre brukast på avsnitt som er formaterte med avsnittsstilen Standard, Brødtekst eller Innrykka brødtekst.


Autoformatering av skiljelinjer

Viss du skriv inn tre eller fleire bindestrekar (---), understrekar (___) eller likskapsteikn (===) etter kvarandre og trykkjer Enter, vert avsnittet erstatta av ei vassrett linje som er like lang som sida. Linja vert med andre ord gjort om til den nederste kantlinja til det føregåande avsnittet. Desse reglene gjeld:

  1. Tre bindestrekar (-) gjev ei enkelt linje (0,05 pt tykk, med 0,75 mm avstand til innhaldet).

  2. Tre understrekar (_) gjev ei enkelt linje (1 pt tykk, med 0,75 mm avstand til innhaldet).

  3. Tre likskapsteikn (=) gjev ei dobbelt linje (1,10 pt tykk, med 0,75 mm avstand til innhaldet).

Støtt oss!