Autoformatering for tabellar
Formaterer den gjeldande tabellen automatisk, medrekna skrift, skuggelegging og kantlinjer.
Bruka autoformatering på ein tabell
-
Plasser skrivemerket i ei tabellcelle, eller merk cellene du vil formatera.
-
Vel Tabell → Autoformater stilar og trykk formatet du vil bruka.
-
Trykk OK.
Format
Vis dei tilgjengelege formateringsstilane for tabellar. Trykk på formatet du vil bruka og trykk OK.
Legg til
Legg ein ny tabellstil til lista.
-
Formater ein tabell i dokumentet.
-
Merk tabellen og vel Format → Autoformater stilar.
-
Trykk OK.
-
Skriv inn eit namn i Legg til AutoFormat og trykk OK
Fjern
Slettar den merkte tabellstilen. Det er ikkje råd å sletta «Standard tabellstil».
Endra namn
Endrar namnet på den merkte tabellstilen. Det er ikkje råd å endra namnet på «Standard tabellstil».
Formatering
Vel formateringseigenskapane du vil ha med i den valde tabellstilen.
Talformat
Tek også med nummereringsformat i den markerte tabellstilen.
Skrift
Tek også med skriftformatering i den valde tabellstilen.
Justering
Tek også med innstillingane for justering i den valde tabellstilen.
Kantlinjer
Tek også med rammestilar i den valde tabellstilen.
Mønster
Tek også med bakgrunnstilar i den valde tabellstilen.