Ved skriving

Formaterer dokumentet medan du skriv. Du kan setja innstillingane for formateringane ved å velja Verktøy → Autoretting → Val og deretter fana Val.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Autoretting → Ved skriving.


Du kan bruka «autoformatering» til å formatera tekstdokumenter og enkle ASCII-tekstfiler, men ikkje teikn som du har formatert manuelt. Automatisk fullføring av ord skjer ikkje før du skriv eit ord for andre gong i eit dokument.

tip

Du kan angra den siste autoformateringshandlinga ved å velja Rediger → Angra.


Når du brukar automatiske format, gjeld desse reglane:

Autoretting av overskrifter

Eit avsnitt vert formatert som ei overskrift når desse vilkåra er oppfylt:

  1. avsnittet byrjar med ein stor bokstav

  2. avsnittet ikkje sluttar med punktum

  3. det er eit tomt avsnitt over og under avsnittet

Autoretting av skiljelinjer

Viss du skriv tre eller fleire bindestrekar (---) eller visse andre teikn på rad og deretter trykkjer Enter, vert avsnittet byt ut med ei vassrett linje like brei som sida. Linja er eigentleg nedre kantlinje i det førre avsnittet. Det nedre fyllet i eit slikt avsnitt vert sett til 0,75 mm. Desse reglane gjeld:

  1. Tre bindestrekar (-) gjev ei enkelt linje (0,05 pt tykk.

  2. Tre understrekar (_) gjev ei enkelt linje (0,75 pt brei.

  3. Tre likskapsteikn (=) gjev ei dobbelt linje (0,75 pt brei.

  4. Tre asteriksteikn (*) gjev ei tykk/tynn dobbeltlinje (2,25 pt brei).

  5. Tre tildeteikn (~) gjev ei tynn/tykk dobbeltlinje (2,25 pt brei).

  6. Tre hashteikn (#) gjev ei medium dobbeltlinje (1,5 pt brei).

Støtt oss!