Vilkår

Vert brukte til å gje vilkåra for vilkårsstilar.

For å bruka denne funksjonen …

Høgreklikk på eit avsnitt med stilen Brødtekst. Vel fana Avsnitt → Rediger stil → Vilkår.

Vel Vis → Stilar (). Høgreklikk på ein avsnitssstil. Vel fana Ny(tt) → Vilkår.


Vilkårsstilar er avsnittsstilar som kan ha ulike eigenskapar avhengig av samanhangen. Når ein slik stil er definert, kan du ikkje endra vilkåra for stilen.

I LibreOffice vert paragrafeigenskapane for vilkårsstilar lagt inn slik (utheva termar svarar til titlane på dialogfelta): Viss eit avsnitt som er formatert med ein vilkårsstil er i ein samanheng som er kopla til ein brukt stil, vert avsnittsstilen som høyrer til samanhangen brukt. Viss ingen stilar er kopla til samanhangen, vert attributta som er definerte i vilkårsstilen brukte. Det følgjande eksempelet viser samanhengen:

  1. Opna eit tomt tekstdokument og skriv eit kort forretningsbrev med ein topptekst (Format → Side → Topptekst).

  2. Definer ein ny avsnittsstil ved å opna stilhandsamaren og velja Ny. Vel alle avsnittseigenskapane du vil bruka i dette forretningsbrevet i dialogvindauget Avsnittsstil. Gi denne stilen namnet «Forretningsbrev».

  3. Vel fana Vilkår og set eit merke i avkryssingsboksen Vilkårsstil for å gjera denne nye avsnittsstilen til ein vilkårsstil.

  4. Vel «Topptekst» i lista under Innhald og vel stilen du vil bruka på toppteksten i forretningsbrevet i lista under Avsnittsstilar. Vel for eksempel standardavsnittsstilen «Topptekst», men du kan sjølvsagt velja kva stil som helst i lista.

  5. Du kan leggja avsnittsstilen til i den nye samanhengen ved å dobbeltklikka på det markerte innslaget i lista Avsnittsstil eller ved å trykka Bruk.

  6. Trykk OK for å lukka dialogvindauget «Avsnittsstil». Nå kan du merka alle avsnitta i forretningsbrevet, også toppteksten, og bruka den nye vilkårsstilen du har laga og kalla «Forretningsbrev», til å formatera dei. (Når du skal formatera toppteksten, kan det hende at du må velja Alle stilar eller Sjølvvalde stilar nedst i stilhandsamaren for å visa den nye forretningsbrevstilen.)

Nå har toppteksten dei eigenskapane du valde for avsnittsstilen Topptekst, medan resten av dokumentet har eigenskapane du valde for vilkårsstilen «Forretningsbrev».

tip

Avsnittsstilen Brødtekst er laga som ein vilkårsstil. Difor kan alle stilar som du lagar på grunnlag av denne stilen, brukast som vilkårsstilar.


Avsnittsstilen som vert brukt som samanheng, vert også brukt når du eksporterer dokumentet til andre format (RTF, HTML og så vidare).

Vilkårsstil

Kryss av i denne boksen for å definera ein ny stil som vilkårsstil.

Innhald

Her kan du sjå dei førehandsdefinerte samanhengane i LibreOffice, inkludert disposisjonsnivåa 1 til 10, listenivåa 1 til 10, tabelloverskrifter, tabellinnhald, bolk, kantlinje, fotnote, topptekst og botntekst.

Brukte stilar

Her du kan sjå lista over alle avsnittsstilane som er brukte i ein samanheng.

Avsnittsstilar

Denne nedtrekkslista viser alle avsnittsstilane som kan brukast for ein samanheng.

Stilgrupper

Dette er stilgruppene som kan visast i stilhandsamaren.

Namn

Tyding

Automatisk

Viser stilar som høver til den gjeldande samanhengen.

Alle stilar

Viser alle stilane i den valde stilkategorien.

Brukte stilar

Viser stilane (i den valde kategorien) som vert brukte i det gjeldande dokumentet.

Sjølvvalde stilar

Viser alle sjølvvalde stilar i den valde stilkategorien.

Teiknstil

Viser formateringsstilar for tekst.

Dokumentstruktur

Viser formateringsstilar for strukturering av dokument.

Listestilar

Viser formateringsstilar for sorterte og usorterte lister.

Registerstilar

Viser formateringsstilar for register og innhaldslister.

Spesialstilar

Viser formateringsstilar for topptekstar, botntekstar, fotnotar, sluttnotar, tabellar og bilettekstar.

HTML-stilar

Viser ei liste med stilar som kan brukast i HTML-dokument.

Vilkårsstilar

Viser dei sjølvvalde vilkårsstilane.

Hierarkisk

Viser stilane i den valde kategorien i ei hierarkisk liste. Du kan visa stilane i eit undernivå ved å klikka på plussteiknet (+) ved sida av namnet til undernivået.


Fjern

Trykk her for å fjerna samanhengen som er knytt til den valde stilen.

Tildel

Trykk på Bruk for å bruka den valde avsnittsstilen på den definerte samanhengen-

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

Støtt oss!