Listestil

Her kan du laga ein listestil. Listestilane er organiserte i vindauget Stilar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Stilar () → opna sprettoppmenyen (høgreklikk) Ny/Endra (for listestilar).


Når ein listestil er laga, får han eit namn. Liostestilane kan brukast på avsnitt eller kan knyttast til ein avsnittsstil i seksjonen «Bruk listestil» på fana Disposisjon og lister.

Sorterte og usorterte lister som er laga i dialogvindauget Punkt og nummerering eller med ikona Slå sortert liste av/på og Slå usortert liste av/på på verktøylinja Formaterng bruk direkte formatering. Desse er ikkje listestilar.

Arrangør

Skriv inn innstillingane for den valde stilen.

Usortert

Vis dei ulike punktteikna du kan bruka i ei liste.

Sortert

Viser ulike nummereringsskjema du kan bruka.

Disposisjon

Viser dei ulike stilane du kan bruka på ei hierarkisk liste. Med LibreOffice kan du ha opp til ni ulike nivå i eit listehierarki.

Bilete

Viser dei ulike grafiske teikna som kan brukast som punkt i ei usortert liste.

Plassering

Set innrykking-, avstand- og justeringsinnstillingar for nummereringssymbola, som tal eller punktteikn, i sorterte eller usorterte lister.

Tilpass

Set formateringsinnstillingane for sorterte og usorterte lister. Du kan også bruka individuell formatering for ulike nivå i listehierarkiet.

Tilbakestill

Set dei verdiane som er endra i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna. Viss Bruk er brukt før dialogvindauget vert lukka, vert verdiane sette tilbake til slik dei var etter siste bruk av «Bruk».

Bruk

Brukar endringar i alle kategoriane utan å lukka dialogvindauget. Kan ikkje tilbakestillast med Tilbakestill.

OK

Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.

Avbryt

Lukker dialogen og forkastar endringar på alle fanene. Viss Bruk er brukt, vert alle endringar gjort etter siste bruk av «Bruk» forkasta.

Støtt oss!