Teiknstil
Teiknstilane gjev deg høve til å tilpassa formateringa for enkeltteikn. Bruk teiknstilar for å endra eigenskapane for teikn, ord eller merkte delar av eit avsnitt. Når du brukar teiknstil på eit merkt utval av teksten, vil teiknstilen overstyra dei tilsvarande eigenskapane sette av avsnittsstilen.
Viss du for eksempel brukar ein teiknstil med 15 punkt skriftstorleik på eit utval i eit avsnitt med ein teiknstorleik på 12 punkt, vert utvalet sett til 15 punkt medan resten av avsnittet brukar 12 punkt.
Ingen teiknstil er faktisk settet med teikneigenskapane i den gjeldande avsnittsstilen. Bruk «Ingen teiknstil» for å nullstilla teikneigenskapane i utvalet til avsnittsstilen. Du kan ikkje endra «Ingen teiknstil».
-
Vel eller (Kommando + TF11) for å opna stilpanelet.
-
Trykk på ikonet for teiknstilar øvst i panelet og vel så ein teiknstil.
-
Høgreklikk for å opna sprettoppmenyen og vel .
Direkte formatering overstyrer alle formateringar sett av ein teiknstil. For å fjerna direkte formatering frå eit utval, bruk (KommandoCtrl + M).
Skriv inn innstillingane for den valde stilen.
Bruk avsnittet Inneheld i handsamaren for å sjå eigenskapane til teiknstilen.
Vel kva format og skrift du vil bruka.
Vel den skrifta du vil bruka.
Bestemmer plassering, skalering, rotasjon og mellomrom for teikn.
Set innstillingar for skrift med doble linjer for asiatiske språk. Merk teikna i teksten og så denne kommandoen.
Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Språkinnstillingar → Språk.
Brukar den gjeldande uthevingsfargen på tekststilar elle tekstmarkeringar.
Vel innstillingar for kantlinjene til valde objekt i Writer eller Calc.
Tilbakestill
Set dei verdiane som er endra i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna. Viss Bruk er brukt før dialogvindauget vert lukka, vert verdiane sette tilbake til slik dei var etter siste bruk av «Bruk».
Bruk
Brukar endringar i alle kategoriane utan å lukka dialogvindauget. Kan ikkje tilbakestillast med Tilbakestill.
Tilbakestill til opphavet
Verdiane i denne fana vert sette til dei tilsvarande verdiane i stilen som er gjeve i «Arva frå» i handsamaren. I alle tilfella, også når «Arva frå» er «- Ingen -», vert dei noverande faneverdiane som er spesifiserte i «Inneheld» fjerna.
OK
Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.
Avbryt
Lukker dialogen og forkastar endringar på alle fanene. Viss Bruk er brukt, vert alle endringar gjort etter siste bruk av «Bruk» forkasta.