Stilar i Writer

Nedanfor finn du informasjon om Writer-stilar som er tilgjengelege for deg i Stilar-delen av sidefeltet.

Viss du vil, kan du redigera stilane i det gjeldande dokumentet og deretter lagra dokumentet som ein mal. Du lagrar dokumentet som ein mal ved å velja Fil → Malar → Lagra som mal.

Stilkategori

Her er dei ulike kategoriane av formateringsstilar.

Namn

Skildring

Teiknstil

Du kan bruka teiknstilar til å formatera enkeltteikn eller heile ord og fraser. Du kan også nøsta teiknstilar om ønskjeleg.

Avsnittsstil

Du kan bruka avsnittsstilar til å formatera avsnitt, også skrifttypen og skriftstorleiken. Du kan også velja kva avsnittsstil som skal brukast på det neste avsnittet.

Rammestil

Bruk rammestilar til å formatera tekst- og biletrammer.

Sidestilar

Du kan bruka sidestilar for å organisera strukturen i dokumentet og til å leggja til sidetal. Du kan også velja kva sidestil som skal brukast på den første sida etter eit sideskift.

Listestilar

Bruk listestilar for å formatera sorterte og usorterte lister.


Stilgrupper

Dette er stilgruppene som kan visast i stilhandsamaren.

Namn

Meining

Automatisk

Viser stilane som samsvarar med den gjeldande samanhengen.

Alle stilar

Viser alle stilane i den gjeldande stilkategorien.

Gøymde stilar

Viser alle stilane som er gøymde i stilar-feltet i sidefeltet.

Brukte stilar

Viser stilane (i den valde kategorien) som vert brukte i det gjeldande dokumentet.

Brukardefinerte stilar

Viser alle brukardefinerte stilar i den valde stilkategorien.

Tekststilar

Viser formateringsstilar for tekst.

Dokumentstruktur

Viser formateringsstilar for strukturering av dokumenta.

Listestilar

Viser formateringsstilar for sorterte eller usorterte lister.

Indeksstilar

Viser formateringsstilar for indeksar.

Spesielle stilar

Viser formateringsstilar for topptekstar, botntekstar, fotnotar, sluttnotar, tabellar og bilettekstar.

HTML-stilar

Viser ei liste over stilar for HTML-dokument.

Vilkårsstilar

Viser dei brukardefinerte vilkårsstilane.

Hierarkisk

Viser stilane i den valde kategorien i ei hierarkisk liste. Du kan visa stilane i eit undernivå ved å klikka på plussteiknet (+) ved sida av namnet til undernivået.


Støtt oss!