LibreOffice 25.2 Hjelp
Vel korleis teksten skal flyta før og etter tabellen.
Vel denne avkryssingsboksen, og vel så kva skift tabellen skal ha.
Set inn eit sideskift før eller etter tabellen.
Set inn eit spalteskift før eller etter tabellen på ei side med fleire spalter.
Set inn eit side- eller spalteskift før tabellen.
Sett inn eit side- eller spalteskift etter tabellen.
Vel sidestil for første side etter sideskiftet.
Vel kva sidestil du vil bruka på den første sida etter sideskiftet.
Skriv inn sidenummeret på den første sida etter skiftet. Ikkje merk av for denne dersom du vil halda fram med den gjeldande nummereringa.
Tillèt sideskift eller spalteskift mellom radene i tabellen.
Tillèt sideskift eller spalteskift inni radene i tabellen. Dette gjeld ikkje for den første rada i ein tabell dersom Gjenta overskrift er valt.
Hald tabellen og det neste avsnittet saman på ei side eller i ei spalte når du sett inn skiftet.
Gjenta tabelloverskrifta på ei ny side når tabellen går over fleire sider.
Vel kor mange rader som skal vera med i overskrifta.
Vel retning for teksten i cellene Du har desse formatinnstillingane å velja mellom for å betemma tekstretninga i tabellceller:
Vassrett
Loddrett (topp til botn)
Bruk overordna objektinnstillingar. Dei overordna objekta er sider og rammer som inneheld tabellen. Dei definerer korleis tabellen er plassert og visinga innføre den overordna utforminga.
Loddrett (botn til topp)
Vel den loddrette justeringa av tekst i tabellcellene.