LibreOffice 25.2 Hjelp
Oppgje storleiken, plasseringa, mengde luft og justeringsinnstillingane for den valde tabellen.
Skriv inn eit internt namn på tabellen. Dette namnet gjer det lettare å finna tabellen i dokumentstrukturen.
Skriv inn tabellbreidda. Dette alternativet er berre tilgjengeleg når Automatisk ikkje er vald under Justering.
Vis tabellbreidda som ein prosent av sidebreidda.
Vert brukt for å setja opp justeringsalternativ for den valde tabellen.
Utvid tabellen vassrett mot venstre- og høgremargen. Dette er tilrådd for tabellar i HTML-dokument.
Juster venstrekanten av tabellen mot venstre sidemarg.
Juster venstre kant av tabellen mot innrykket du valde i feltet Venstre under Avstand.
Juster høgrekanten av tabellen mot høgre sidemarg.
Midtstill tabellen vassrett på sida.
Juster tabellen vassrett, basert på verdiane du valde i felta Venstre og Høgre under Avstand. LibreOffice reknar automatisk ut breidda på tabellen. Vel dette alternativet dersom du vil velja kolonnebreiddene sjølv.
Vel kor langt frå venstremargen kanten av tabellen skal liggja. Dette alternativet er ikkje tilgjengeleg når Automatisk eller Venstre er vald under Justering.
Vel kor langt frå høgremargen kanten av tabellen skal liggja. Dette alternativet er ikkje tilgjengeleg når Automatisk eller Høgre er vald under Justering.
Vel kor langt frå teksten toppen av tabellen skal liggja.
Vel kor langt frå teksten botnen av tabellen skal liggja.
For å setja inn eit avsnitt framføre ein tabell ved byrjinga av eit dokument, ein topptekst eller ein botntekst, set markøren framføre innhaldet i den første cella og trykk InnstillingarAlt + Enter.