Alternativ

Spesifiser eigenskapane for det merkte biletet eller OLE-objektet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Bilete → Eigenskapar → Val.

Vel fana Format → Ramme og objekt → Eigenskapar → Val.

Vel fana Vis → Stilar – opna sprettoppmenyen for vald RammestilNy/Rediger stil.

Vel Set inn → Ramme → Ramme → Val.

Høgreklikk på det valde objektet, vel fana Eigenskapar → Val.


Tilgjenge

Namn

Skriv inn eit namn for det valde elementet.

tip

Du bør gje objekt, bilete og rammer eit meiningsfullt namn slik at det vert enklare å finna dei igjen i store dokument.


Tekst

Skriv inn ei kort skildring av dei viktigaste detaljane for det valde objektet for ein person som ikkje kan sjå objektet. Denne teksten er tilgjengeleg for bruk av hjelpeteknologiar.

Alternativ tekst

Skriv inn ei lengre skildring av objektet, spesielt viss objektet er for komplekst eller inneheld for mange detaljer til å kunna skildrast tilstrekkeleg med det korte tekstalternativet. Bruk Alternativ tekst for å leggja til tilleggsinformasjon i den korte skildringa som finst i tekstalternativet. Denne teksten er tilgjengeleg for bruk av hjelpeteknologiar.

note

For bilete vert Tekst og Alternativ tekst eksportert med ein passande kode i HTML- og PDF-format (hugs å slå på Universal tilgjenge (PDF/UA)-alternativet i PDF-eksport).


Dekorativ

Merkjar elementet som reint dekorativt og ikkje ein del av dokumentinnhaldet og kan ignorerast av hjelpeteknologiar.

Sekvensar (berre for rammer)

Forrige lenkje

Viser ramma som kjem før den merkte ramma i ei kopla rekkjefølgje. For å leggja til eller endra den førre lenkja, vel du eit namn frå lista. Dersom du lenkjer rammer, må den gjeldande ramma og målramma vera tomme.

Neste lenkje

Viser ramma som kjem etter den merkte ramma i ein lenkja sekvens. For å leggja til eller endra den neste lenkja, vel du eit namn frå lista. Målramma må vere tom dersom du lenkjer rammer.

Verna

Vert brukt for å setja opp alternativ for vern for det valde elementet.

Innhald

Hindrar at innhaldet i det valde elementet vert endra.

Du kan framleis kopiera innhaldet i det valde elementet.

Plassering

Låser plasseringa av det valde elementet i det gjeldande dokumentet.

Storleik

Låser storleiken på det valde elementet.

Innhaldsjustering (berre rammer)

Loddrett justering

Bestemmer den loddrette justeringa av innhaldet i ramma. Som oftast er dette tekstinnhald, men justeringa påverkar også tabellar og andre objekt som er forankra til tekstområdet som teikn, til teikn eller til avsnitt. Dette kan for eksempel vera rammer, bilete eller teikningar.

Eigenskapar

Vert brukt for å setja opp utskrifts- og tekstinnstillingane for det valde elementet.

Redigerbar i skriveverna dokument (gjeld berre rammer)

Gjer at du kan redigera innhaldet i ei ramme i eit dokument som er skriveverna.

Skriv ut

Ta det valde elementet med i utskrifta.

Tekstretning (berre rammer)

Viser retning for tekstflyten i ei ramme. Vel Bruk overstyrande objektinnstillingar frå lista om du vil bruka tekstflytinnstillingane som er standard for sida.

Støtt oss!