Hyperlenkje

Vel eigenskapane for hyperlenkja for det valde bilete, den valde ramma eller OLE-objektet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Bilete → Eigenskapar → Hyperlenkje.

Vel fana Format → Ramme og objekt → Eigenskapar → Hyperlenkje.

Vel Set inn → Ramme → Ramme → Hyperlenkje.


Lenk til

Definer eigenskapane for lenkja.

URL

Skriv inn fullstendig sti til fila som skal opnast.

Bla gjennom

Lokaliser fila som skal opnast fråhyperlenkja og trykk Opna. Målfila kan vera på datamaskinen eller på Internett.

Namn

Skriv inn namnet på hyperlenkja.

Ramme

Skriv namnet på ramma som målfila skal opnast i. Dei førehandsdefinerte namna på målrammene er omtalte her.

Biletkart

Vel kva biletkart-type du vil bruka. Innstillingane for biletkartet overstyrar innstillingane du set for hyperlenkja på denne sida.

Biletkart på tenaren

Brukar eit biletkart som er lagra på ein tenar.

Biletkart på klienten

Brukar biletkartet du laga for det valde objektet.

Støtt oss!