LibreOffice 25.2 Hjelp
Vel korleis teksten skal flyta rundt objekt. Du kan òg tilpassa avstanden mellom teksten og objektet.
Dersom du vil bryta tekst rundt ein tabell, kan du plassere tabellen i ei ramme og bryta teksten rundt ramma.
Plasserer objektet på ei eiga linje i dokumentet. Teksten i dokumentet vert lagt over og under objektet, men ikkje ved sidene av det.
Ingen
Bryt teksten på venstre side av objektet viss det ikkje er plass nok.
Før
Bryt teksten på høgre side av objektet viss det ikkje er plass nok.
Etter
Bryt teksten på alle fire sidene av objektramma.
Parallell
Set objektet framføre teksten.
Gjennom
Bryt teksten automatisk til venstre, høgre eller på alle fire sidene av ramma rundt objektet. Om avstanden mellom objektet og sidemargen er mindre enn 2 cm, vert ikkje teksten broten.
Best mogleg
Vert brukt for å bestemma vala for tekstbryting.
Byrjar eit nytt avsnitt under objektet når du trykkjer «Enter». Avstanden mellom avsnitta vert avgjort av storleiken på objektet.
Flyttar det valde objektet til bakgrunnen. Dette valet kan berre brukast viss du har vald tekstbrytingstypen Gjennom.
Bryt teksten rundt objektet. Dette valet er ikkje tilgjengeleg for tekstbrytinga Gjennom eller ved bruk av rammer. Du kan endra omrisset til eit objekt ved å merkja det og så velja Format → Tekstbryting → Rediger omriss.
Berre bryt teksten rundt omrisset til objektet, ikkje i opne område inne i objektet. Dette valet er ikkje tilgjengeleg for rammer.
Styrer om objektet skal kunna overlappe eit anna objekt. Dette valet har ingen effekt på tekstbryting gjennom objekt, som alltid kan overlappa kvarandre.
Vel kor stor avstanden skal vera mellom det valde objektet og teksten.
Vel kor stor avstand det skal vera mellom venstre kant av objektet og teksten.
Vel kor langt den høgre kanten av objektet skal liggja frå teksten.
Skriv inn kor stor plass det skal vera mellom den øvre kanten av objektet og teksten.
Skriv inn kor stor plass det skal vera mellom den nedre kanten av objektet og teksten.