Posisjon og storleik

Bestemmer storleiken og plasseringa av det valde biletet, den valde ramma eller det valde OLE-objektet på ei side.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel fana Format → Bilete → Eigenskapar → Plassering og storleik.

Vel fana Format → Ramme og objekt → Eigenskapar → Plassering og storleik.

Vel fana Vis → Stilar → Rammestilar → opna sprettoppmenyen Endra/Ny → Type.

Vel fana Set inn → Ramme → Ramme → Plassering og storleik.

Frå sprettoppmenyen:

Vel fana Eigenskapar → Plassering og storleik.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Eigenskapar → Posisjon og storleik i fana Bilete i menyen Bilete.

Vel Eigenskapar → Posisjon og storleik i fana Objekt i menyen Objekt.

Frå tastaturet:

F4, then Position and Size tab.

Frå statuslinja:

Trykk på området Vald objektstorleik i fana Posisjon og storleik.


Storleik

Breidd

Skriv inn breidda på det merkte objektet.

Relativ

Reknar ut breidda på det valde objektet som ein prosentdel av breidda på tekstområdet.

Relativt breiddeforhold

Bestemmer kva 100 % breidd betyr: anten tekstområdet utan margane eller heile sida, inklusive margane.

Høgd

Skriv inn høgda på det merkte objektet.

Relativ

Reknar ut høgda på det valde objektet i prosent av høgda på tekstområdet på sida.

Relativt høgdeforhold

Bestemmer kva 100 % høgd betyr: anten tekstområdet utan margane eller heile sida, inklusive margane.

Uendra storleiksforhold

Tek vare på høgde- og breidde-forholdet når du endrar innstillingane for høgd eller breidd.

Opphavleg storleik

Set storleiksinnstillingane for det valde objektet tilbake til dei opphavlege verdiane.

note

Denne innstillinga er ikkje tilgjengeleg for rammer.


Automatisk

Tilpassar breidda eller høgda på ei ramme automatisk slik at den passar til innhaldet. Viss du vil, kan du velja ei minste høgd eller ei minste breidd for ramma.

note

Valet Automatisk er berre tilgjengeleg når du har merkt ei ramme.


Forankring

Vert brukt for å setja vala for forankring av valde objekt eller rammer. Vala for forankring er ikkje tilgjengeleg når du opnar dialogvindauget ved hjelp av stilhandsamaren.

Til side

Forankrar utvalet til den gjeldande sida.

Til avsnitt

Forankrar utvalet til det gjeldande avsnittet.

Til teikn

Forankra utvalet til eit teikn. Dette er standard for bilete.

Som teikn

Forankrar utvalet som eit teikn. Høgda på den gjeldane linja vert endra for å passa høgda på utvalet.

Posisjon

Vert brukt for å bestemma kor dei markerte objekta skal plasserast på den gjeldande sida.

Vassrett

Vel vassrett justering for objektet. Det merkte området spesifiserer plasseringa av objektet i høve til området eller referanselinja som er vald i nedtrekkslista Til. Dette alternativet er ikkje tilgjengeleg viss Forankra som teikn er vald.

med

Skriv inn kor mykje plass det skal vera mellom den venstre kanten av det valde objektet og referansepunktet som er vald i Til. Dette valet er berre tilgjengeleg om du har vald «Frå venstre» i boksen Vassrett.

til

Vel regionen eller referanselinja for den valde vassrette justeringa. Desse vala er tilgjengelege:

Ver merksam på at settet med tilgjengelege innstillingar avhenger av ankerinnstillingane. Difor kan det hende at ikkje alle innstillingane som er oppførte ovanfor vert viste på grunn av gjeldande ankerval.

tip

Du kan sjå resultatet av innstillingane for justering i feltet for førehandsvising.


Spegelvend på partalssider

Spegelvender dei gjeldande innstillingane for vassrett justering på partalssider.

tip

Du kan også bruka spegelvendingsfunksjonen i Bilete for å tilpassa utforminga av objekt på oddetals- og partalssider.


Loddrett

Vel loddrett justering for objektet. Utvalet spesifiserer posisjonen til objektet i høve til området eller referanselinja som er vald i nedtrekkslista Til.

tip

Du kan sjå resultatet av innstillingane for justering i feltet for førehandsvising.


med

Skriv inn kor mykje plass det skal vera frå den øvre kanten av objektet til området eller referanselinja som er vald i nedtrekkslista til. Dette alternativet er berre aktivt når dei føljande kombinasjonane av Loddrett og Anker er vald. For disse kombinasjonane kan du spesifisere kor mykje plass du vil ha frå:

Loddrett

med anker

Ovanfrå

Øvste kant av det merkte området.
Positive verdiar flyttar objektet ned, negative verdiar opp.

Til side, Til avsnitt, Til teikn eller Til ramme

Nedanfrå

Vald referanselinje.
Positive verdiar flyttar objektet opp, negative verdiar ned.

Til teikn eller Som teikn


til

Vel regionen eller referanselinja for den loddrette justeringa Objektet kan plasserast i høve til følgjande regionar eller referanselinjer:

Ver merksam på at settet med tilgjengelege innstillingar avhenger av ankerinnstillingane. Difor kan det hende at ikkje alle innstillingane som er oppførte ovanfor vert viste på grunn av gjeldande ankerval.

note

Viss du forankrar eit objekt til ei ramme med fast høgd, vil berre justeringsvala «Nederst» og «Midtstilt» vera tilgjengelege.


Hald innføre tekstgrensene

Held det valde objektet innføre stilgrensene for teksten objektet er forankra til. Ønskjer du å plassera objektet kvar som helst i teksten, må du ikkje bruka dette valet.

Som standard er Hald innføre tekstgrensene vald når du opnar eit dokument som er oppretta i ein versjon av Writer eldre enn OpenOffice.org 2.0. Dette gjeld ikkje når du opprettar eit nytt dokument eller når du opnar eit dokument i Microsoft Word-formata (*.doc og *.docx).

Tillat å dela rammer på sider

Tillet at ramma kan halda fram på neste side viss det ikkje er plass på den gjeldande sida. Innhald rundt ramma vert brote på sen siste sida..

Som standard er valet Tillat å dela rammer på sider slått av når du lagar tekstrammer i Writer. Valet vert slått på viss du opnar eit dokument i Microsoft Word format som inneheld flytande tabellar.

Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Den grøne firkanten står for det valde objektet og den raude firkanten for referansepunktet for justering. Viss du forankrar objektet som eit teikn, vert firkanten som står for referansepunktet endra til ei raud linje.

Støtt oss!