Fotnote

Vel utforming av fotnotar, også linja som skil fotnoten frå hovuddelen av dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Sidestil → Fotnote

Vel Vis → Stilar og opna fana Ny/Rediger stil → Fotnote i sprettoppmenyen.


Fotnoteområde

Vert brukt for å setja høgda på fotnoteområdet.

Ikkje høgare enn sidehøgda

Justerer høgda på fotnoteområdet automatisk avhengig av talet på fotnotar.

Største høgd for fotnote

Set største høgda for fotnoteområdet. Kryss av her og skriv inn høgda.

Skriv inn den største høgda for fotnoteområdet.

Avstand til tekst

Skriv inn avstanden mellom nedste marg på sida og første tekstlinja i fotnoteområdet.

Skiljelinje

Bestemmer plasseringa og andre eigenskapar for skiljelinja.

Posisjon

Vel den vassrette justeringa for linja som skil hovudteksten frå fotnoteområdet.

Stil

Vel ein formateringsstil for skiljelinja mellom spalter. Vel «Ingen» dersom du ikkje vil bruka skiljelinje.

Tjukkleik

Vel tjukkleiken for skiljelinja.

Farge

Vel fargen på skiljelinja.

Lengd

Skriv inn lengda på skiljelinja i prosent av sidebreidda.

Avstand til innhaldet i fotnotane

Skriv inn avstanden mellom skiljelinja og den første tekstlinja i fotnoteområdet.

Tipsikon

Om du vil leggja inn avstanden mellom to fotnotar, vel Formater → Avsnitt og klikk på fana Innrykk og mellomrom.


Støtt oss!