Sidestil

Bestemmer formateringsstilane og utsjånaden til den gjeldande sidestilen medrekna margar, topp- og botntekst og sidebakgrunnen.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Sidestil.

Vel Vis → Stilar () –vel sidestilar – opna sprettoppmenyen (høgreklikk) for den valde stilen – Ny/Endra.


Organisering

Skriv inn innstillingane for den valde stilen.

Vel sidemarg, utsjånaden på ein- og fleirsidige dokument, sidenummerering og papirformat.

Vel fyllstil for det merkte teikneobjektet eller dokumentelementet.

Gjennomsikt

Vel innstillingar for gjennomsikt for fyllet som skal brukast på det valde objektet.

Topptekst

Legg til topptekst i sidestilen. Toppteksten er eit område i øvste sidemarg der du kan leggja til tekst eller bilete.

Botntekst

Legg til ein botntekst til sidestilen. Botnteksten er eit område i nedste sidemarg der du kan leggja inn tekst eller bilete.

Kantlinjer

Vel innstillingar for kantlinjene til valde objekt i Writer eller Calc.

Spalter

Viser talet på kolonnar og kolonneoppsettet for ein sidestil, ei ramme eller ein bolk.

Fotnote

Vel utforming av fotnotar, også linja som skil fotnoten frå hovuddelen av dokumentet.

Støtte for asiatiske språk

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

Tekstrutenett

Legg eit tekstrutenett til den gjeldande sidestilen. Dette valet er berre tilgjengeleg når støtte for asiatiske språk er sett under Språkinnstillingar → Språk i dialogvindauget.

Tilbakestill

Set dei verdiane som er endra i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna. Viss Bruk er brukt før dialogvindauget vert lukka, vert verdiane sette tilbake til slik dei var etter siste bruk av «Bruk».

Bruk

Brukar endringar i alle kategoriane utan å lukka dialogvindauget. Kan ikkje tilbakestillast med Tilbakestill.

OK

Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.

Avbryt

Lukker dialogen og forkastar endringar på alle fanene. Viss Bruk er brukt, vert alle endringar gjort etter siste bruk av «Bruk» forkasta.

Støtt oss!