Disposisjon og liste

Legg til eller fjernar disposisjonsnivå, listestil og linjenummerering frå avsnittet eller avsnittsstilen. Du kan også byrja på ny nummerering eller endra starttalet i nummererte lister og linjenummerering.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Avsnitt → Disposisjon og nummerering.

Høgreklikk i eit avsnitt og vel fana Avsnitt → Avsnitt → Disposisjon og nummerering

Høgreklikk i eit avsnitt og vel fana Avsnitt → Rediger stil → Disposisjon og nummerering

Vel fana Stilar → Rediger stil → Disposisjon og nummerering (Avsnittsstilar).

Vel Vis → Stilar og opna sprettoppmenyen Ny/Endra → Disposisjon og liste (avsnittstil).


  1. For å endra nummereringsinnstillingane for avsnitt som brukar den same avsnittsstilen, vel du Vis → Stilar og klikkar på knappen Avsnitsstilar. Høgreklikk på stilen på lista, vel Rediger og klikk så på fana Disposisjon og nummerering.

  2. For å endra nummereringsinnstillingane for merkte avsnitt, vel du Format → Avsnitt og klikkar på fana Disposisjon og nummerering.

Disposisjon

Disposisjonsnivå

Tilordnar eit disposisjonsnivå frå 1 til 10 til dei merkte avsnitta eller avsnittsstilen. Vel [Ingen] for å fjerna disposisjonsnivået.

Bruk listestil

Listestil

Vel listestilen som du vil bruka på avsnittet. Desse stilane vert også lista ut i vindauget for Stilar () viss du trykkjer på ikonet Listestilar.

Rediger stil

Rediger eigenskapane til den valde nummereringsstilen. Desse eigenskapane vert nytta for alle avsnitt som er formaterte med den gjevne nummereringsstilen

Denne knappen er kopla frå når kapittelnummerering er i bruk. Vel Verktøy → Overskriftsnummerering for å redigera disposisjonsnivåa og nummereringsformatet.

note

Disposisjonsnivåa og listestilane er uavhengige av kvarandre. Bruk Verktøy → Overskriftsnummerering for å kopla eit nummereringsformat til ein avsnittsstil brukt for overskrifter i disposisjonsstilen for eit dokument.


Dei neste tre alternativa vert viste berre når du redigerer eigenskapane til eit merkt avsnitt ved å velja Format → Avsnitt.

Byrja på nytt ved dette avsnittet

Byrjar nummereringa på nytt ved dette avsnittet.

Byrja med

Kryss av her og skriv inn nummeret du vil bruka på avsnittet.

Talboksen «Start med»

Skriv inn nummerer som skal brukast på avsnittet. Avsnitta som kjem etter dette vert nummererte stigande frå det talet du skriv inn her.

Linjenummerering

Bestemmer vala for Linjenummerering. Vil du leggja til linjenummer i dokumentet, vel du Verktøy → Linjenummerering.

Ta med dette avsnittet i linjenummereringa

Ta med dette avsnittet i linjenummereringa.

Start på nytt ved dette avsnittet

Byrjar linjenummereringa på nytt i dette avsnittet eller ved det nummeret du vel.

Byrja med

Skriv inn talet linjenummereringa skal byrja på nytt med.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

Desse knappane er synlege berre for avsnittsstilar.

Bruk

Brukar endringar i alle kategoriane utan å lukka dialogvindauget. Kan ikkje tilbakestillast med Tilbakestill.

Tilbakestill til opphavet

Verdiane i denne fana vert sette til dei tilsvarande verdiane i stilen som er gjeve i «Arva frå» i handsamaren. I alle tilfella, også når «Arva frå» er «- Ingen -», vert dei noverande faneverdiane som er spesifiserte i «Inneheld» fjerna.

Støtt oss!