LibreOffice 7.6 Hjelp
Formaterer den første bokstaven i eit avsnitt som ein stor bokstav som kan spenna over fleire linjer. Avsnittet må ha minst så mange linjer som det er sett i linjeboksen.
Legg innstillingane for innfelt førebokstav til det valde avsnittet.
Viser den første bokstaven i det første ordet i avsnittet som innfeld forbokstav. Resten av bokstavane i ordet som store bokstavar.
Skriv inn kor mange bokstavar som skal vera innfelte.
Skriv inn kor mange linjer nedover frå den første linja den innfelte forbokstaven skal gå over. Avsnitt som er kortare enn dette, vil ikkje få innfelt forbokstav. Valet er avgrensa til å vera mellom 2 og 9 linjer.
Skriv inn avstanden mellom den nedfelte bokstaven og resten av teksten i avsnittet.
Skriv inn teksten som skal visast nedfelt i staden for den første bokstaven i avsnittet.
Vel formateringsstilen du vil bruka på dei innfelte forbokstavane. Vel [Ingen] viss du vil bruka den same formateringsstilen som i resten av avsnittet.