LibreOffice 25.8 Hjelp
Vel innstillingar for orddeling og sideoppsettet.
Vert brukt for å setja innstillingane for orddeling i tekstdokument.
Set automatisk inn bindestrek i eit avsnitt når dei trengst.
Vel det minste talet på teikn som skal vera på slutten av linja før ein bindestrek vert sett inn.
Vel det minste talet på teikn som må vera på linja etter bindestreken.
Set 3 (eller fleire) teikn for å forbetra orddelinga på dansk, nederlandsk, tysk, ungarsk, norsk og svensk ved å føretrekkja orddelinga mellom delar av eit samansett ord i staden for å bryta den andre (tredje osv.) delen rett etter dei to første teikna.
Skriv inn det høgaste talet på linjer etter kvarandre som kan delast med bindestrek.
Skriv inn kor mange teikn det minst må vera i eit ord før det kan setjast inn bindestrek.
Viss du vil redusera orddelinga, set du inn lengda på orddelingssona. I stadet for den moglege orddelinga, vert linja brote mellom ord viss det vassrette mellomrommet som er igjen ikkje er større enn orddelingssona. Bruk av orddelingssone gjev større mellomrom mellom ord i blokkjustert tekst, og større avstand frå avsnittsmargane i tekst som ikkje er blokkjustert.
Del ord som er skrive heilt med store bokstavar, for eksempel initialar.
Bruk bindestrek det siste ordet i avsnitta. Slår du av denne funksjonen, unngår du nesten tomme linjer som inneheld berre eit halvt ord..
Kontroller orddelinga i den siste linja i ein kolonne, ei side eller eit oppslag og siste heile linja i eit avsnitt i høve til visse typografiske reglar for å gjera det lettare å lesa.
Fjern merket for denne avmerkingsboksen for å hindra orddeling i siste heile linja i eit avsnitt. Ordet med bindestrek vert flytt til neste linje viss det er nok plass til det. Som eit resultat vert den siste linja i avsnittet lengre, noko som reduserer mellomrommet mellom avsnitta.
Fjern merkinga i denne boksen for å forhindra at ord vert delte mellom kolonnar, lenkja rammer eller sider. Linja med det delte ordet vert flytt til neste kolonne, ramme eller side.
Fjern markeringa av denne avmerkingsboksen for å hindra at ord vert delte på ei side. Det delte ordet vert flytt til neste side.
Fjern avmerkjinga for denne avmerkingsboksen for å hindra at ord vert delte over eit oppslag. (Eit oppslag er i denne samanhengen to sider som er synlege for lesaren samtidig, for eksempel side 3 og 4 i ei bok). Det delte ordet vert flytt til det neste oppslaget.
Viss du vil setja ei orddelingssone for den siste fulle avsnittslinja, skriv du inn lengda. Viss denne vedrt sett til 0, vert orddelingssona brukt som sone for avsnittsendinga.
For å setja ei orddelingssone for den siste linja i ei spalte, skriv inn lengda på sona. Sluttsona for spalter gjer det enklare å lesa dokumentet på tvers av spalter og lenkja tekstrammer. Viss sett til 0, vert sluttsona brukt som sluttsone for spalta.
For å setja orddelingssona for den siste linja i eit avsnitt, skriv inn lengda på sona. Sluttsona gjer det enklare å lesa dokumentet side for side. Viss sett til 0, vert sluttsona brukt som sluttsone for sida.
For å setja ei orddelingssone for den siste linja i eit oppslag, skriv inn lengda på sona. Sluttsona for oppslag gjer det enklare å lesa dokumentet når du skifter side. Vel du ein verdi fire gongar skriftstorleiken, vil dette hindra at ord med opp til 7-8 bokstavar vert delte. Det vil også hindra at lengre ord vert delte mellom dei 4-5 første bokstavane. Viss sett til 0, vert sluttsona for sida brukt som sluttsone for oppslaget.
Merk av for denne for å flytta heile den delte linja til neste spalte, side eller oppslag i staden for å flytta berre det siste delte ordet. Berre den siste linja vert flytt når det er fleire bindestrekar, noko som betyr at innstillinga ikkje garanterar at orddelinga vert slått av på slutten av spaltene eller sidene.
Vert brukt for å setja val for side- eller spalteskift.
Vel denne avkryssingsboksen, og vel så kva slags skift du vil bruka.
Vel kva type skift du vil setja inn.
Vel kvar du vil setja inn skiftet.
Vel denne avkryssingsboksen før du vel kva slags sidestil du vil bruka for den første sida etter skiftet.
Vel formateringsstilen som skal brukast på den første sida etter skiftet.
Skriv inn sidenummeret på den første sida etter skiftet. Ikkje merk av for denne dersom du vil halda fram med den gjeldande nummereringa.
Vert brukt for å setja vala for tekstflyt for avsnitt som vert viste før og etter eit sideskift.
Flyttar heile avsnittet til neste side eller spalte etter at eit skift er sett inn.
Hald dette avsnittet og neste avsnitt saman når eit skift eller eit spalteskift er sett inn.
Når siste linja i eit avsnitt kjem øvst på neste side er denne linja «foreldrelaus». For å unngå dette, kan også nest siste linja flyttast over til neste side. Skriv inn det minste talet på linjer som skal stå igjen i eit avsnitt før eit sideskift. Vel denne avkryssingsboksen og skriv inn eit tal i feltet Linjer. Dersom talet på linjer nedst på sida er mindre enn det som er vald i feltet Linjer, vert heile avsnittet flytt til neste side.
Ei «enkje» er ei linje med berre nokre få teikn/ord. Skriv inn det minste talet på linjer i eit avsnitt på den første sida etter skiftet. Vel denne avkryssingsboksen og skriv inn eit tal i feltet Linjer. Dersom talet på linjer øvst på sida er mindre enn det som er vald i feltet Linjer, vert sideskiftet flytt.