Topptekst

Legg til eller fjernar ein topptekst frå sidestilen du vel i undermenyen. Toppteksten vert lagt til på alle sidene som brukar denne sidestilen. I eit nytt dokument vert berre sidestilen «Standard» vist i lista. Andre sidestilar vert lagde til i lista etter kvart som du tar dei i bruk i dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Topp- og botntekst → Topptekst


Merknadsikon

Topptekst er berre synleg når du viser dokumentet i utskriftsoppsett (ved å velja Vis → Utskriftsoppsett).


Sidestilar som har topptekst vert viste i undermenyen med ein hake framføre.

Dersom du vil fjerna ein topptekst, vel du Set inn → Topptekst og botntekst → Topptekst og deretter sidestilen som inneheld toppteksten. Toppteksten vert fjerna frå alle sidene der denne sidestilen er brukt.

Vil du leggja til eller fjerna topptekst frå alle sidestilane som er brukte i dokumentet, vel du Set inn → Topptekst og botntekst → Topptekst → Alle.

Du kan formatera for ein topptekst ved å velja Format → Side → Topptekst.

Støtt oss!