Setja inn skript

Set inn eit skript ved skrivemerket i eit HTML- eller tekstdokument.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Skript (berre i HTML-dokument)


Eit innsett skript vert indikert med ein liten grøn firkant. Viss denne firkanten ikkje er synleg, vel → LibreOffice Writer/Web → Vising og merk av for Merknadar. Dobbeltklikk på den grøne firkanten for å redigera skriptet.

Dersom dokumentet inneheld meir enn eitt skript, vil dialogvindauget Rediger skript innehalda knappar du kan bruka til å gå frå eitt skript til det førre eller neste.

Ikon for gå til førre skript

Gå til førre skript

 Ikon for gå til neste skript

Gå til neste skript

Innhald

Skripttype

Vel skripttypen du vil setja inn. Skriptet vert identifisert i HTML-kjeldekoden med taggen <SCRIPT LANGUAGE="JavaScript">.

URL

Legg ei lenkje til ei skriptfil. Klikk på radioknappen URL og skriv inn adressa i boksen. Du kan også trykkja på knappen Bla gjennom (), finna fila og så trykkja på Set inn. Skriptfila du lenkjer til vert identifisert i HTML-kjeldekoden med desse taggane:

<SCRIPT LANGUAGE="JavaScript" SRC="url">

/* ignorer all tekst her */

</SCRIPT>

Bla gjennom

Finn skriptfila du vil laga ei lenkje til og trykk så på Set inn.

Neste

Skriv inn skriptkoden som du vil setja inn.

Støtt oss!