Set inn (tekst frå fil)

Set inn innhaldet av eit anna dokument i gjeldande dokument ved markøren.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Tekst frå fil

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Tekst frå fil i fana Set inn i menyen Set inn.

Frå verktøylinjer:

Ikon Tekst frå fil

Tekst frå fil


tip

For å alltid ha den nyaste versjonen av ei fil, set du inn eit område i dokumentet og set deretter ei lenkje til tekstfila inn i dette området. Sjå meir om dette i set inn eit område.


Fildialogar – for eksempel Opna, Lagra som og liknande – er tilgjengeleg på to ulike måtar:

Bruk LibreOfficeGenerelt for å skifta frå det eine til det andre.

Mappeval

Plukk den mappa du vil ha frå nedtrekkslista eller skriv inn stinamnet. Du kan bruka funksjonen Autofullfør for å gjera det enklare å skriva.

Bruk dialogvindauget Filtenester for å kopla deg til ein tenar.
Vel ei overordna mappe frå mappestien med Ikon opne.

Legg ei undermappe til gjeldande mappe med Lag ei ny mappe.

Filnamn

Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei internettadresse.

Filtype

Vel kva filformat du vil lagra dokumentet i. Berre dokument av denne filtypen vert viste i visingsområdet. Filtypane er forklarte i Informasjon om import- og eksportfilter.

Støtt oss!