Byta database

Byt datakjelde for dokumentet. Den nye databasen må ha dei same feltnamna for at felta i dokumentet skal kunna visast.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Rediger → Byt database

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Verktøy, opna menyknappen og vel Byt database.


Dersom du for eksempel set adressefelt inn i eit standardbrev frå ein adressedatabase, kan du byta ut databasen med ein annan adressedatabase for å setja inn andre adresser.

Byta database

Du kan berre byta ut ein database om gongen i dette dialogvindauget.

Databasar i bruk

Viser databasane som er i bruk. Dokumentet inneheld minst eitt datafelt frå kvar av databasane i lista.

Tilgjengelege databasar

Lister ut dei databasane som er registrerte i LibreOffice.

Bla gjennom

Opnar eit dialogvindauge der du kan velja ei databasefil (*.odb). Den valde fila vert lagd til i lista over tilgjengelege databasar.

Vel

Byter ut den gjeldande datakjelda med datakjelda du har merkt i lista Tilgjengelege datakjelder.

Slik byter du database:

Kontroller at begge databasane har samsvarande felt med same feltnamn og felttype.

  1. Set skrivemerket i dokumentet som du vil byta datakjelde for.

  2. Vel Rediger → Byt database.

  3. Merk databasetabellen du vil byta ut i lista Databasar i bruk.

  4. Merk databasetabellen du vil bruka i staden, i lista Tilgjengelege databasar.

  5. Trykk Trykk.

Støtt oss!