LibreOffice 25.2 Hjelp
Set inn ein tabell i dokumentet. Du kan òg trykkja på pila, dra med musa for å velja talet på rader og kolonnar i tabellen og så trykkja i den siste cella.
Du kan setja inn ein tabell frå eit anna dokument ved å kopiera tabellen og lima han inn i det gjeldande dokumentet.
Du kan gjere om tekst til ein tabell ved å merkja teksten og velja Tabell → Gjer om → Tekst til tabell.
Dersom du vil setja ein tabell inn i ein annan tabell, kan du plassera skrivemerket i ei celle i tabellen og velja Tabell → Set inn tabell.
LibreOffice kan formatera tal som du skriv inn i ei tabellcelle automatisk, for eksempel dato og klokkeslett. Du aktiverer denne funksjonen ved å velja LibreOffice → InnstillningarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Tabell og trykkjer på Talgjenkjenning i området Inndata i tabellar.
Skriv inn eit namn for tabellen.
Skriv inn kor mange kolonnar tabellen skal ha.
Skriv inn kor mange rader det skal vera i tabellen.
Set inn innstillingane for tabellen.
Ta med ei overskriftsrad for tabellen.
Gjentek tabelloverskrifta øvst på alle dei neste sidene dersom tabellen går over meir enn éi side.
Vel kor mange rader som skal brukast for overskrifta. Talboksen godtar verdiar opptil éin mindre enn talet på rader som vert sett inn.
Hindrar at tabellen vert delt over meir enn éi side.
Vel eit sjølvvald stil for den nye tabellen.
Trykk på knappen Tabell i verktøylinja «Set inn» for å opna dialogvindauget Set inn tabell, som du kan bruka til å setja inn ein tabell i det gjeldande dokumentet. Du kan også trykkja pila, dra for å velja talet på rader og kolonnar du vil ha i tabellen, og så klikka i den siste cella.