LibreOffice 25.2 Hjelp
Du kan endra storleiken på og flytta valde rammer og objekt ved hjelp av tastaturet.
Du kan flytta ei merkt ramme eller eit merkt objekt ved å trykkja ein piltast. Du kan flytta ein piksel om gongen ved å halda nede InnstillingarAlt-tasten medan du trykkjer på ein piltast.
Du kan endra storleiken på ei merkt ramme eller objekt ved å trykkja på KommandoCtrl + Tabulator. Eitt av handtaka vil nå blinka for å visa at det er vald. Du vel eit anna handtak ved å trykkja KommandoCtrl + Tabulator igjen. Trykk på ein piltast for å endra storleiken på objektet med éi rutenetteining. Hald nede ALternativAlt og trykk ein piltast for å endra storleiken med éin piksel.
Kor mykje eit objekt vert flytt ved hjelp av piltastane vert bestemt av rutenettet. Du kan endra eigenskapane for rutenettet ved å velja LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Rutenett.