Ramme

Set inn ei ramme som du kan bruka til éi eller fleire spalter med tekst og objekt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Ramme

Vel Format → Ramme og objekt → Eigenskapar.

Når du er på verktøylinja Set inn, vel

Ikon for innsetjing av ramme

Set inn ramme manuelt


Du kan redigera ei ramme ved å trykkja kanten for å merka ho og så velja Format → Ramme og objekt → Innstillingar. Du kan også endra storleiken på eller flytta ei merkt ramme ved å bruka spesielle snarvegstastar.

Du kan sletta ei ramme ved å trykkja på kanten av ramma og trykkja Delete-tasten.

Viss du ser små raude piler ved byrjinga og slutten av teksten i ei ramme, kan du bruka piltastane til å bla gjennom resten av teksten.

I området for førehandsvising i dialogvindauget Ramme vert ramma vist som ein grøn firkant, og referanseområdet som ein raud firkant.

Du kan også førehandsvise effektane når du endrar forankringspunkta til «Som teikn». «Grunnlinja» er teikna med raudt, «Teikn» er skrifttypen og «Høgd» er linjehøgda inklusive ramma.

Type

Bestemmer storleiken og plasseringa av det valde objektet eller den valde ramma på ei side.

Alternativ

Vel eigenskapane for objektet, biletet eller ramma som er vald.

Tekstbryting

Vel korleis teksten skal flyta rundt objekt. Du kan òg tilpassa avstanden mellom teksten og objektet.

Hyperlenkje

Vel eigenskapane for hyperlenkja for det valde bilete, den valde ramma eller OLE-objektet.

Kantlinjer

Vel innstillingar for kantlinjene til valde objekt i Writer eller Calc.

Vel fyllstil for det merkte teikneobjektet eller dokumentelementet.

Spalter

Viser talet på kolonnar og kolonneoppsettet for ein sidestil, ei ramme eller ein bolk.

Makro

Bestemmer kva makro som skal køyrast når du trykkjer på eit bilete, ei ramme eller eit OLE-objekt.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

Knapp på verktøylinja Set inn:

Teiknar ei ramme der du dreg med musa i dokumentet. Trykk på pila ved sida av knappen for å velja kor mange spalter du vil ha med i ramma.

Ikon for innsetjing av ramme

Set inn ramme manuelt

Bruka snøggtastar (tilgjenge i LibreOffice Writer)

Setja inn, redigera og kopla rammer

Støtt oss!