Redigera stikkordfil

Lag eller rediger ei liste med ord som skal vera med i ei alfabetisk innhaldsliste. Ei stikkordsfil listar ord som det skal refererast til saman med sidenummeret der orda finst, i ei alfabetisk innhaldsliste.

Du kan bruka knappen «Søk etter alle» i dialogvindauget Søk og byt ut for å merkja alle førekomstane av eit ord i dokumentet, og deretter opna dialogvindauget Set inn stikkord for å leggja dette ordet og sidetalet der ordet finst til i det alfabetiske registeret. Dersom du har tenkt å bruka det same settet av alfabetiske registrer i fleire dokument, kan du spara tid i og med at stikkordsfila let deg skriva inn kvart ord berre ei gong, for så å bruka den same lista fleire gongar.

Slik får du fram dialogvindauget «Rediger stikkordfil»:

  1. Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Type.

  2. Vel «Alfabetisk register» i feltet Type.

  3. I omrĂĄdet Val merkjer du av for Stikkordfil.

  4. Trykk Fil og vel Ny eller Rediger.

Ei stikkordfil inneheld desse felta:

«Søkjeord» viser til oppføringa du vil merka i dokumentet.

«Alternativ oppføring» viser til oppføringa du vil visa i det alfabetiske registeret.

«Hovudoppføring» og «Underoppføring» er dei overordna oppføringane i registeret. «Søkjeord» eller «Alternativ oppføring» vert vist som ei underoppføring til hovud- og underoppføringa.

«Skil store og små bokstavar» betyr at det vert skild mellom store og små bokstavar.

«Berre ord» søkjer etter uttrykket som eit enkeltord.

Merknadsikon

Du kan slå på vala «Skil store og små bokstavar» og «Berre ord» ved å trykkja i den tilsvarande cella og setja eit merke i boksen som vert vist.


Slik kan du laga ei stikkordfil utan å bruka dialogvindauget «Rediger stikkordfil»:

Bruk desse retningslinjene for formatering nĂĄr du lagar ei stikkordfil:

Søkjeord;Alternativ oppføring;Hovudoppføring;Underoppføring;Skil store og små bokstavar;Berre ord

I oppføringane «Skil store og små bokstavar» og «Berre ord» vert ein tom streng eller null (0) tolka som «Nei» eller USANN. Alt anna innhald vert tolka som «Ja» eller SANN.

Eksempel

Viss du vil ta med ordet «Oslo» under oppføringa «Byar» i det alfabetiske registeret, skriv du inn denne linja i stikkordfila:

Oslo;Oslo;Byar;;0;0

Dette gjev også treff på ordet «Oslo» viss ordet er skrive med små bokstavar.

Viss du vil ta med bydelen «St. Hanshaugen» i Oslo under oppføringa «Byar», skriv du inn denne linja:

St. Hanshaugen;Oslo;Byar;

Støtt oss!