LibreOffice 24.8 Hjelp
Vel format for oppføringane i ei objektliste.
Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Oppføringar (når objektliste er vald)
Objektlister har berre eitt nivå.
Linja Strukturdefinerer korleis oppføringar i register eller lister skal setjast saman. Du kan endra utsjånaden til ei oppføring ved å skriva inn kodar eller tekst i dei tomme boksane på denne linja. Du kan også plassera skrivemerket i ein tom boks eller trykkja ein kode og deretter trykkja ein av kodeknappane.
Du kan sletta ein kode frå Struktur-linja ved å trykkja på koden og deretter trykkja Delete-tasten.
Du kan bytte ut ein kode i Struktur -linja ved å trykkja ein kode og deretter trykkja ein kodeknapp.
Du kan leggja til ein kode i Struktur-linja ved å setja skrivemerket i ein tom boks og trykkja ein kodeknapp.
Set inn eit tabulatormerke. For å setja punkt framføre tabulatormerke, vel eit teikn i lista Fyllteikn. For å endra plasseringa av tabulatormerket, skriv inn eit tal i Tabulatorposisjon eller merk av for Høgrejuster.
Set inn overskriftsinformasjon som overskriftsnummer eller overskriftsinnhald. Klikk på HI-ikonet for å velja kva informasjon som skal visast.
Lagar ei hyperlenkje for den delen av oppføringa som er omslutta av hyperlenkjetaggane for opning (LS) og avslutning (LE). Klikk på den tome ruta på struktur-linja framføre den delen du vil laga hyperlenkje for og trykk deretter på denne knappen. Klikk i den tome boksen etter delen du vil setja opp hyperlenkje til og trykk på knappen igjen. Alle hyperlenkjene må vera unike.
Brukar dei gjeldande innstillingane utan å lukka dialogvindauget.
Spesifiser teiknstil for den delen som er markert i ikonet Struktur.
Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera teiknstilen.
Dei neste tre alternativa er tilgjengelege når T-ikonet er vald.
Vel fyllteikn her.
Skriv inn avstanden mellom den venstre sidemargen og tabulatoren.
Justerer tabuleringa i høve til høgremargen på sida.
Dei neste to alternativa er tilgjengelege når HI-ikonet er vald.
Vel overskriftsinformasjonen som skal takast med i indeksoppføringa.