LibreOffice 7.5 Hjelp
Spesifiser format for oppføringane i eit sjølvvald register eller ei sjølvvald liste.
Sjølvvalde register har ikkje støtte for undernivå.
Linja Strukturdefinerer korleis oppføringar i register eller lister skal setjast saman. Du kan endra utsjånaden til ei oppføring ved å skriva inn kodar eller tekst i dei tomme boksane på denne linja. Du kan også plassera skrivemerket i ein tom boks eller trykkja ein kode og deretter trykkja ein av kodeknappane.
Du kan sletta ein kode frå Struktur-linja ved å trykkja koden og deretter trykkja Delete-tasten.
Du kan bytte ut ein kode i Struktur -linja ved å trykkja ein kode og deretter trykkja ein kodeknapp.
Du kan leggja til ein kode i Struktur-linja ved å setja skrivemerket i ein tom boks og trykkja ein kodeknapp.
Set inn eit tabulatormerke. For å setja punkt framføre tabulatormerke, vel eit teikn i lista Fyllteikn. For å endra plasseringa av tabulatormerket, skriv inn eit tal i Tabulatorposisjon eller merk av for Høgrejuster.
Set inn kapittelinformasjon, for eksempel kapitteloverskrifter og kapittelnummer. Bruk lista Kapitteloppføring til å velja kva for informasjon du vil visa.
Vel kva kapittelinformasjon du vil ta med i registeroppføringa.
Skriv inn det høgste hierarkinivået som objekt skal visast på i den genererte indeksen.
Spesifiser teiknstil for den delen som er markert i Struktur-linja.
Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera teiknstilen.
Vel fyllteikn her.
Skriv inn avstanden mellom den venstre sidemargen og tabulatoren.
Justerer tabuleringa i høve til høgremargen på sida.
Vert berre vist når du trykkjer E#-knappen i Struktur-linja. Vert brukt for å velja om kapittelnummeret skal visast med eller utan skiljeteikn.
Skriv inn det høgste hierarkinivået som objekt skal visast på i den genererte indeksen.
Set tabulatormerket relativt i høve til verdien som er set i «venstreinnrykk» i avsnittsstilen definert i fana Stilar. Elles vert tabulatoren sett i høve til den venstre tekstmargen.