Oppføringar (illustrasjonsliste)

Skriv inn formatet for oppføringane i ei illustrasjonsliste.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Oppføringar (når illustrasjonsregister er vald)


Innrykksnivå

Vel nivået du vil definera format for.

Illustrasjonslister har berre eitt indeksnivå.

Struktur og formatering

Linja Strukturdefinerer korleis oppføringar i register eller lister skal setjast saman. Du kan endra utsjånaden til ei oppføring ved å skriva inn kodar eller tekst i dei tomme boksane på denne linja. Du kan også plassera skrivemerket i ein tom boks eller trykkja ein kode og deretter trykkja ein av kodeknappane.

Oppføringstekst (O)

Set inn teksten for kapitteloverskrifta.

Tabulator (T)

Set inn eit tabulatormerke. For å setja punkt framføre tabulatormerke, vel eit teikn i lista Fyllteikn. For å endra plasseringa av tabulatormerket, skriv inn eit tal i Tabulatorposisjon eller merk av for Høgrejuster.

Sidetal (#)

Set inn sidenummeret for oppføringa.

Kapittelinfo

Set inn kapittelinformasjon, for eksempel kapitteloverskrifter og kapittelnummer. Bruk lista Kapitteloppføring til å velja kva for informasjon du vil visa.

Kapitteloppføring

Vel kva kapittelinformasjon du vil ta med i registeroppføringa.

Evaluer opp til nivå

Skriv inn det høgste hierarkinivået som objekt skal visast på i den genererte indeksen.

Teiknstil

Spesifiser teiknstil for den delen som er markert i Struktur-linja.

Rediger

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera teiknstilen.

Fyllteikn

Vel fyllteikn her.

Tabulatorposisjon

Skriv inn avstanden mellom den venstre sidemargen og tabulatoren.

Høgrejuster

Justerer tabuleringa i høve til høgremargen på sida.

Format

Vert berre vist når du trykkjer E#-knappen i Struktur-linja. Vert brukt for å velja om kapittelnummeret skal visast med eller utan skiljeteikn.

Evaluer opp til nivå

Skriv inn det høgste hierarkinivået som objekt skal visast på i den genererte indeksen.

Plasser tabulatoren i høve til avsnittsinnrykket

Set tabulatormerket relativt i høve til verdien som er set i «venstreinnrykk» i avsnittsstilen definert i fana Stilar. Elles vert tabulatoren sett i høve til den venstre tekstmargen.

Støtt oss!