Oppføringar (alfabetisk register)

Spesifiser formatet for oppføringar i det alfabetiske registeret.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Oppføringar (når alfabetisk register er vald)


Innrykksnivå

Vel nivået du vil definera format for.

Nivået «S» viser til overskriftene som er på ein enkelt bokstav og som deler inn oppføringane i registeret alfabetisk. Du kan slå på desse overskriftene ved å merka av for Alfabetisk skiljeteikn i området Format.

Struktur og formatering

Linja Strukturdefinerer korleis oppføringar i register eller lister skal setjast saman. Du kan endra utsjånaden til ei oppføring ved å skriva inn kodar eller tekst i dei tomme boksane på denne linja. Du kan også plassera skrivemerket i ein tom boks eller trykkja ein kode og deretter trykkja ein av kodeknappane.

Oppføringstekst (O)

Set inn teksten for den merkte oppføringa.

Tabulator (T)

Set inn eit tabulatormerke. For å setja punkt framføre tabulatormerke, vel eit teikn i lista Fyllteikn. For å endra plasseringa av tabulatormerket, skriv inn eit tal i Tabulatorposisjon eller merk av for Høgrejuster.

Overskriftsinformasjon (HI)

Set inn overskriftsinformasjon som overskriftsnummer eller overskriftsinnhald. Klikk på HI-ikonet for å velja kva informasjon som skal visast.

Sidetal (#)

Set inn sidenummeret for oppføringa.

Alle

Brukar dei gjeldande innstillingane utan å lukka dialogvindauget.

Teiknstil

Spesifiser teiknstil for den delen som er markert i ikonet Struktur.

Rediger

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera teiknstilen.

note

Dei neste tre alternativa er tilgjengelege når T-ikonet er vald.


Fyllteikn

Vel fyllteikn her.

Tabulatorposisjon

Skriv inn avstanden mellom den venstre sidemargen og tabulatoren.

Høgrejuster

Justerer tabuleringa i høve til høgremargen på sida.

note

Dei neste to alternativa er tilgjengelege når HI-ikonet er vald.


Overskriftsinfo

Vel overskriftsinformasjonen som skal takast med i indeksoppføringa.

Vis opp til nivå

Skriv inn det høgste talet på nivå for å visa overskriftsnummeret. Vel for eksempel «3» for å visa opp til tre nivå. Viss overskriftsnummeret har mindre enn tre nivå, vert det faktiske talet vist.

Format

Teiknstil for hovudoppføringar

Vel formateringsstil for hovudoppføringane i det alfabetiske registeret. Du kan gjera ei registeroppføring om til ei hovudoppføring ved å trykkja framføre indeksfeltet i dokumentet og velja Rediger → Stikkord.

Alfabetisk skiljeteikn

Brukar førebokstavane frå den alfabetisk sorterte lista over oppføringane i innhaldslista som overskrifter.

Nøkkel skild med komma

Set oppføringane i innhaldslista på same linja, skilde med komma.

Plasser tabulatoren i høve til avsnittsinnrykket

Set tabulatormerket relativt i høve til verdien som er set i «venstreinnrykk» i avsnittsstilen definert i fana Stilar. Elles vert tabulatoren sett i høve til den venstre tekstmargen.

Støtt oss!