Oppføringar (innhaldsliste)

Vel format for oppføringane i ei objektliste.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Oppføringar (når innhaldsliste er vald)


Innrykksnivå

Vel nivået du vil definera format for.

Struktur og formatering

Linja Strukturdefinerer korleis oppføringar i register eller lister skal setjast saman. Du kan endra utsjånaden til ei oppføring ved å skriva inn kodar eller tekst i dei tomme boksane på denne linja. Du kan også plassera skrivemerket i ein tom boks eller trykkja ein kode og deretter trykkja ein av kodeknappane.

Nummerering (N#)

Set inn overskriftsnummeret eller listenummeret til i oppføringa. For å slå på overskriftsnummereringa, vel Verktøy → Overskriftsnummerering.

Oppføringstekst (O)

Set inn teksten for den merkte oppføringa.

Tabulator (T)

Set inn eit tabulatormerke. For å setja punkt framføre tabulatormerke, vel eit teikn i lista Fyllteikn. For å endra plasseringa av tabulatormerket, skriv inn eit tal i Tabulatorposisjon eller merk av for Høgrejuster.

Sidetal (#)

Set inn sidenummeret for oppføringa.

Hyperlenkje (LS og LA)

Lagar ei hyperlenkje for den delen av oppføringa som er omslutta av hyperlenkjetaggane for opning (LS) og avslutning (LE). Klikk på den tome ruta på struktur-linja framføre den delen du vil laga hyperlenkje for og trykk deretter på denne knappen. Klikk i den tome boksen etter delen du vil setja opp hyperlenkje til og trykk på knappen igjen. Alle hyperlenkjene må vera unike.

Alle

Brukar dei gjeldande innstillingane utan å lukka dialogvindauget.

Teiknstil

Spesifiser teiknstil for den delen som er markert i ikonet Struktur.

Rediger

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera teiknstilen.

note

Dei neste tre alternativa er tilgjengelege når T-ikonet er vald.


Fyllteikn

Vel fyllteikn her.

Tabulatorposisjon

Skriv inn avstanden mellom den venstre sidemargen og tabulatoren.

Høgrejuster

Justerer tabuleringa i høve til høgremargen på sida.

note

Dei neste to alternativa er tilgjengelege når N#-ikonet er vald.


Format

Vert berre vist når du trykkjer N#-knappen i struktur-linja. Vert brukt for å velja om kapittelnummeret skal visast med eller utan skiljeteikn.

Vis opp til nivå

Skriv inn det høgste talet på nivå for å visa overskriftsnummeret. Vel for eksempel «3» for å visa opp til tre nivå. Viss overskriftsnummeret har mindre enn tre nivå, vert det faktiske talet vist.

Format

Plasser tabulatoren i høve til avsnittsinnrykket

Set tabulatormerket relativt i høve til verdien som er set i «venstreinnrykk» i avsnittsstilen definert i fana Stilar. Elles vert tabulatoren sett i høve til den venstre tekstmargen.

Støtt oss!