Register/innhaldsliste

Dei følgjande vala er tilgjengelege når du vel Litteraturliste som Type.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Register/innhaldsliste → Register/innhaldsliste → Type (når du har valt typen «Litteraturliste»)


Type og tittel

Vel type og tittel for registeret/innhaldslista.

Tittel

Skriv inn tittelen på vald register/innhaldsliste.

Type

Vel kva type register/innhaldsliste du vil setja inn eller redigera. Vala som er tilgjengelege i denne fana er avhengig av kva register/innhaldsliste du har vald. Dersom markøren er over register/innhaldsliste når du vel Set inn → Register/innhaldsliste → Register/innhaldsliste kan du redigera dette registeret.

Vern mot manuelle endringar

Hindrar at innhaldet i register/innhaldsliste vert endra. Manuelle endringar i register/innhaldsliste forsvinn når register/innhaldsliste vert oppdatert. Viss du ønskjer at markøren skal rulla gjennom eit verna område, vel du → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merkjar av for Slå på markør i området Verna område.

Formatering av oppføringane

Nummerer oppføringane

Nummererer litteraturtilvisingane automatisk. Du kan setja sorteringsinnstillingane for nummereringa ved å klikka på fana oppføringar.

Hakeparentesar

Vel parentesane du vil bruka for å omslutta litteraturoppføringane.

Sorter

Vert brukt for å bestemma innstillingane for sortering av stikkord.

Språk

Vel språkreglane som skal brukast ved sortering av innslaga i eit register eller ei innhaldsliste.

Oppføringstype

Vel numerisk når du ønskjer å sortera tal etter verdi (1, 2, 12). Vel alfanumerisk når du ønskjer å sortera etter teiknkode (1, 12, 2).

Støtt oss!