Dei følgjande vala er tilgjengelege når du vel Objektliste som Type.
For å bruka denne funksjonen …
Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Type (når objektliste er vald)
Type og tittel
Vel type og tittel for registeret/innhaldslista.
Tittel
Skriv inn tittelen på vald register/innhaldsliste.
Type
Vel kva type register/innhaldsliste du vil setja inn eller redigera. Vala som er tilgjengelege i denne fana er avhengig av kva register/innhaldsliste du har vald. Dersom markøren er over register/innhaldsliste når du vel Set inn → Register/innhaldsliste → Register/innhaldsliste kan du redigera dette registeret.
Vern mot manuelle endringar
Hindrar at innhaldet i register/innhaldsliste vert endra. Manuelle endringar i register/innhaldsliste forsvinn når register/innhaldsliste vert oppdatert. Viss du ønskjer at markøren skal rulla gjennom eit verna område, vel du LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merkjar av for Slå på markør i området Verna område.
Lag register eller innhaldsliste
Til
Vel om registeret/innhaldslista skal lagast for heile dokumentet eller for det gjeldande kapittelet.
Opprett frå dei følgjande objekta
Vel objekttypane som skal vera med i objekttabellen.