Register/innhaldsliste

Dei følgjande vala er tilgjengelege når du vel Sjølvvald som Type.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Type (når sjølvdefinert er vald)


Sjølvvalde register og innhaldslister er tilgjengelege i Type-boksen når du set ei oppføring inn i dokumentet.

Type og tittel

Vel type og tittel for registeret/innhaldslista.

Type

Vel kva type register/innhaldsliste du vil setja inn eller redigera. Vala som er tilgjengelege i denne fana er avhengig av kva register/innhaldsliste du har vald. Dersom markøren er over register/innhaldsliste når du vel Set inn → Register/innhaldsliste → Register/innhaldsliste kan du redigera dette registeret.

Tittel

Skriv inn tittelen på vald register/innhaldsliste.

Vern mot manuelle endringar

Hindrar at innhaldet i register/innhaldsliste vert endra. Manuelle endringar i register/innhaldsliste forsvinn når register/innhaldsliste vert oppdatert. Viss du ønskjer at markøren skal rulla gjennom eit verna område, vel du → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merkjar av for Slå på markør i området Verna område.

Lag register eller innhaldsliste

Til

Vel om registeret/innhaldslista skal lagast for heile dokumentet eller for det gjeldande kapittelet.

Opprett frå

Stil

Tek med avsnittsstilane du spesifiserte i dialogvindauget Legg til stilar som oppføringar i innhaldslista. Du vel den ønskte avsnittsstilen ved å klikka på knappen bruk stilar (…) til høgre for denne boksen.

Tildela stilar

Opnar dialogvindauget Stilar der du kan velja avsnittsstilane som skal brukast i indeksen. Vel rett overskriftsnivå som stilen vert kopla saman med i indeksen.

Stikkordmarkeringar

Ta med stikkordmarkeringane du set inn ved å velja Set inn → Register/innhaldsliste → Stikkordmarkering.

Tabellar

Ta med tabellar i register/innhaldsliste.

Bilete

Ta med bilete i register/innhaldsliste.

Rammer

Ta med rammer i register/innhaldsliste.

OLE-objekt

Ta med OLE-objekt i register/innhaldsliste.

Bruk nivå frå kjeldekapittel

Flyttar katalogoppføringar for tabellar, grafikk, kantlinjer og OLE-objekt ut frå plasseringa i kapitteloverskriftshierarkiet.

Definer ei stikkordmarkering

Støtt oss!