Innhaldsliste

Desse vala er tilgjengelege når du vel Alfabetisk register som Type.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Type (når alfabetisk register er vald)


Type og tittel

Vel type og tittel for registeret/innhaldslista.

Tittel

Skriv inn tittelen på vald register/innhaldsliste.

Type

Vel kva type register/innhaldsliste du vil setja inn eller redigera. Vala som er tilgjengelege i denne fana er avhengig av kva register/innhaldsliste du har vald. Dersom markøren er over register/innhaldsliste når du vel Set inn → Register/innhaldsliste → Register/innhaldsliste kan du redigera dette registeret.

Vern mot manuelle endringar

Hindrar at innhaldet i register/innhaldsliste vert endra. Manuelle endringar i register/innhaldsliste forsvinn når register/innhaldsliste vert oppdatert. Viss du ønskjer at markøren skal rulla gjennom eit verna område, vel du → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merkjar av for Slå på markør i området Verna område.

Lag register eller innhaldsliste

Til

Vel om registeret/innhaldslista skal lagast for heile dokumentet eller for det gjeldande kapittelet.

Val

Slå saman identiske oppføringar

Erstattar identiske oppføringar med ei enkelt oppføring som viser sidetala der oppføringa finst i dokumentet. For eksempel vert oppføringane «Vis 10, Vis 43» slått saman til «Vis 10, 43».

Slå saman like oppføringar med f eller ff

Byter ut identiske indekselement, som finst på den følgjande sida/dei følgjande sidene med eit enkelt element som lister det første sidetalet og ein «f» eller «ff». For eksempel vert elementa «Side 10, Side 11» slått saman til «Side 10f» og «Side 10, Side 11, Side 12» til «Side 10ff». Den aktuelle utsjånaden er avhengig av landinnstillinga/lokaliseringa, men kan overstyrast med Sorter → Språk.

Slå saman med -

Erstattar identiske register/innhaldsliste-oppføringer i samanhengande sider med ei enkel oppføring og sideområdet oppføringane finst i. For eksempel vil oppføringa «Vis 10, Vis 11, Vis 12» verta slått saman til «Vis 10-12».

Skil mellom store og små bokstavar

Skil mellom store og små bokstavar i identiske register/innhaldsliste-oppføringer. For asiatiske språk gjeld spesielle handsamingar. Viss du ønskjer at det første tilfellet av oppføringa i dokumentet skal bestemma stor eller liten bokstav, vel Slå saman identiske oppføringar.

Merknadsikon

For å bruka multi-nivå-toleranse i asiatiske språk, vel STORE/små bokstavar. I multi-nivå-toleranse vert store bokstavar og diakritiske teikn ignorerte og elementa vert berre samanlikna i den enkle forma. Dersom formene er like, vert dei diakritiske teikna samanlikna. Dersom også desse er like, vert store og små teikn samanlikna saman med breidda på teikna og skilnadar i Japansk Kana.


Skriv automatisk med stor bokstav

Skriv automatisk stor førstebokstav i ei registeroppføring.

Hovud- og underoppføring kvar for seg

Set inn hovud- og underoppføringar som eigne oppføringar. Ei hovudoppføring vert set inn på øvste nivået i registeret, og andre oppføringar som er knytt til den, vert sette inn som underoppføringar med innrykk.

Du kan definera hovud- og underoppføringar i dialogvindauget set inn stikkord.

Stikkordfil

Merkar oppføringar i registeret/innhaldslista automatisk frå ei stikkordfil - ei liste med ord som skal brukast i eit register eller i ei innhaldsliste.

Fil

Vel, lag eller rediger ei stikkordfil.

Sorter

Vert brukt for å bestemma innstillingane for sortering av stikkord.

Språk

Vel språkreglane som skal brukast ved sortering av innslaga i eit register eller ei innhaldsliste.

Oppføringstype

Vel numerisk når du ønskjer å sortera tal etter verdi (1, 2, 12). Vel alfanumerisk når du ønskjer å sortera etter teiknkode (1, 12, 2).

Støtt oss!