LibreOffice 24.8 Hjelp
Desse vala er tilgjengelege når du vel Objektliste som Type.
Vel type og tittel for registeret/innhaldslista.
Skriv inn tittelen på vald register/innhaldsliste.
Vel kva type register/innhaldsliste du vil setja inn eller redigera. Vala som er tilgjengelege i denne fana er avhengig av kva register/innhaldsliste du har vald. Dersom markøren er over register/innhaldsliste når du vel Set inn → Register/innhaldsliste → Register/innhaldsliste kan du redigera dette registeret.
Hindrar at innhaldet i register/innhaldsliste vert endra. Manuelle endringar i register/innhaldsliste forsvinn når register/innhaldsliste vert oppdatert. Viss du ønskjer at markøren skal rulla gjennom eit verna område, vel du LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merkjar av for Slå på markør i området Verna område.
Vel om registeret/innhaldslista skal lagast for heile dokumentet eller for det gjeldande kapittelet.
Spesifiser maksimalt disposisjonsnivå for eit avsnitt som er gjeve i og som skal inkluderast i indeksen.
Bruk dette området til å angi kva informasjon som skal takast med i eit register.
Lagar indeksen ved hjelp av disposisjonsnivå. Alle avsnitt med eit disposisjonsnivå mindre enn eller lik disposisjonsnivået som er spesifisert i er inkluderte i indeksen.
Avsnitt formatert med ein av dei førehandsdefinerte avsnittsstilane («Overskrift 1–10») har eit disposisjonsnivå som svarar til talet i avsnittsstilen. Du kan også tilordna disposisjonsnivå til avsnitt i fana Disposisjon og liste i dialogvindauget «Format → Avsnitt».
Inkluderer avsnitt med avsnittsstilane som er spesifiserte i dialogvindauget som indeksoppføringar. Viss du vil velja avsnittsstilar, trykkjer du på knappen til høgre for dette valet. Tilordna avsnittsstilar må ha eit disposisjonsnivå som er mindre enn eller lik verdien som er gjeven i for å kunna inkluderast i indeksen.
Bruk
for å ta med avsnitt i innhaldslista med avsnittsstilen «Figurindeksoverskrift» eller «Bibliografioverskrift» tilliks med einkvar annan relevant avsnittsstil.Opnar dialogvindauget Stilar der du kan velja avsnittsstilane som skal brukast i indeksen. Vel rett overskriftsnivå som stilen vert kopla saman med i indeksen.
Vel dette alternativet for å inkludera indeksoppføringar sett inn i dokumentet med i den genererte indeksen.