LibreOffice 7.5 Hjelp
Set inn eit register eller ei innhaldsliste ved skrivemerket. Dersom du vil redigera eit register eller ei innhaldsliste, set du skrivemerket inn i registeret eller innhaldslista og vel Set inn → Register og innhaldslister → Register og innhaldslister.
Du kan også førehandsvisa registeret eller innhaldslista i dette dialogvindauget.
Avhengig av kva type register eller innhaldsliste du vel, vil dialogvindauget innehalda desse fanene:
Bruk denne fana for å velja kolonneutsjånaden for registeret eller innhaldslista. I standardoppsettet er tittelen for registeret/innhaldslista ei kolonne brei ut frå venstre sidemarg.