Redigera felt (variablar)

Rediger feltinnhald.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Rediger felt frå lokalmenyen til det merkte feltet..


Type

Viser kva type det merkte feltet er.

Vel

Viser tilgjengelege felt for felttypen som er vald i lista Typeliste. Vil du setja inn eit felt, trykk på feltet og deretter på Set inn.

Format

Klikk på formatet du vil bruka på det valde feltet eller klikk på «Tilleggsformat» for å laga eit sjølvdefinert format.

Usynleg

Gøymer feltinnhaldet i dokumentet. Feltet vert sett inn som eit tynt, grått merke i dokumentet. Dette valet er berre tilgjengeleg for felttypane «Vel variabel» og «Brukarfelt».

Verdi

Skriv inhaldet du vil bruka i eit sjølvdefinert felt.

Bruk

Legg det brukardefinerte feltet til i utvalslista.

Ikon Bruk

Bruk

Pilknappar

Bruk pilknappane for å gå til det neste eller det førre feltet av same type i dokumentet.

Rediger

Når det er synleg vert det opna eit dialogvindauge der du kan redigera innhaldet i feltet. Dialogvindauget er avhengig av felttypen.

Støtt oss!