Innliste

Set inn eit tekstfelt du kan opna og redigera ved å trykkja på det. Du kan bruka skrivefelt for tekst eller tilordna ein ny verdi til ein variabel.

Du kan endra innhaldet i eit skrivefelt i eit dokument ved å trykkja på feltet. Nå kan du redigera teksten i det nedste feltet i dialogvindauget.

Referanse

Dette vindauget viser namnet du skreiv inn i feltet Referanse i fana Funksjonar eller Variablar i dialogvindauget Felt. Vindauget nedanfor viser innhaldet i feltet.

Neste

Gå til neste skrivefelt i dokumentet. Denne knappen kan berre brukast når skrivemerket ligg rett framføre eit skrivefelt og du trykkjer Shift + Ctrl + F9.

Støtt oss!