Spesielle taggar

Når du lagrar eit dokument som inneheld felt som eit HTML-dokument, vil LibreOffice automatisk setja innhaldet i dato-, tids- og dokumentinfo-felta inn i spesielle HTML start- og slutt-taggar. Desse spesielle HTML-taggane er ikkje standard HTML-taggar.

LibreOffice Writer-felt vert identifiserte i eit HTML-dokument med taggen <SDFIELD>. Type, format og namn på spesialfeltet er tekne med i HRML-opningstaggen. Kva format som vert kjend igjen av eit HTML-filter er avhengig av felttypen.

Dato- og klokkeslettfelt

For felta «Dato» og «Klokkeslett» er parameteren TYPE lik med DATETIME. Formatet for dato eller klokkeslett er spesifisert av parameteren SDNUM. For eksempel DD:MM:ÅÅ for datoar og TT:MM:SS for klokkeslett.

For faste dato- og klokkeslettfelt vert dato og klokkeslett gjeve med parameteren SDVAL.

Tabellen viser eksempel på spesielle HTML-taggar for dato og klokkeslett som vert gjenkjende som felt av LibreOffice:

Felt

LibreOffice-tagg

Fast dato

<SDFIELD TYPE=DATETIME SDVAL="35843,4239988426" SDNUM="1031;1031;DD/MM/YY">17/02/98</SDFIELD>

Dato er variabel

<SDFIELD TYPE=DATETIME SDNUM="1031;1031;DD/MM/YY">17/02/98</SDFIELD>

Klokkeslettet er fast

<SDFIELD TYPE=DATETIME SDVAL="35843,4240335648" SDNUM="1031;1031;HH:MM:SS">10:10:36</SDFIELD>

Klokkeslettet er variabelt

<SDFIELD TYPE=DATETIME SDNUM="1031;1031;HH:MM:SS">10:10:36</SDFIELD>


Felt for dokumentinfo

For dokumentasjonsinfofelta er parameteren TYPE det same som DOCINFO. Parameteren SUBTYPE viser den bestemte felttypen. Eksempel for dokumentinfofeltet «Oppretta»: SUBTYPE=CREATE. For dokumentasjonsfelta for dato og klokkeslett er parameteren TYPE det same som DATE eller TIME. Parameteren SDNUM viser kva talformat som er brukt. Parameteren SDFIXED viser om innhaldet er fast eller ikkje.

Innhaldet i eit fast dato- eller klokkeslettfelt er lik med SDVAL-parameteren. Elles er innhaldet likt teksten mellom SDFIELD-taggane i HTML.

Eksempel på spesielle HTML-taggar for dato og klokkeslett som LibreOffice kjenner igjen som felt, vert viste i denne tabellen:

Felt

LibreOffice-tagg

Beskriving (fast innhald)

<SDFIELD TYPE=DOCINFO SUBTYPE=COMMENT SDFIXED>Beskriving</SDFIELD>

Dato oppretta

<SDFIELD TYPE=DOCINFO SUBTYPE=CREATE FORMAT=DATE SDNUM="1031;1031;QQ YY">1. kvartal 98</SDFIELD>

Tidspunkt for opprettinga (fast innhald)

<SDFIELD TYPE=DOCINFO SUBTYPE=CREATE FORMAT=TIME SDVAL="0" SDNUM="1031;1031;HH:MM:SS AM/PM" SDFIXED>03:58:35 PM</SDFIELD>

Endringsdato

<SDFIELD TYPE=DOCINFO SUBTYPE=CHANGE FORMAT=DATE SDNUM="1031;1031;NN DD MMM, YY">må 23. feb 98</SDFIELD>


Støtt oss!