Variablar

Variabelfelt let deg leggja til dynamisk innhald i dokumentet. Du kan for eksempel bruka ein variabel til å nullstilla sidenummereringa.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Set inn → Felt → Fleire felt → Variablar


Type

Listar opp dei tilgjengelege felttypane.

Type

Skildring

Set variabel

Definerer ein variabel og verdien for denne. Du kan endra verdien for ein variabel ved å klikka framføre variabelfeltet og deretter velja Rediger → Felt.

Vis variabel

Set inn den gjeldande verdien av variabelen du vel i lista Utval.

DDE-felt

Set inn ei DDE-lenkje i dokumentet. Du kan oppdatera denne lenkja så ofte du vil ved hjelp av det tildelte namnet.

Set inn formel

Set inn eit fast tal eller resultatet av ein formel.

Skrivefelt

Set inn ein ny verdi for ein variabel eller eit brukarfelt.

Verdien av ein variabel i eit skrivefelt gjeld berre frå og med staden der feltet vert sett inn. Du kan endra verdien til ein variabel seinare i dokumentet ved å setja inn eit anna skrivefelt med same namnet, men med ein annan verdi. Verdien av eit brukarfelt vert derimot endra globalt.

Variablane vert viste i feltet Utval. Når du klikkar på knappen Set inn kjem dialogvindayget Sjå gjennom felta opp. Der du kan leggja inn den nye verdien eller ein tilleggstekst som ein merknad.

Talfølgje

Set inn automatisk nummerering av tabellar, bilete eller tekstrammer.

Vel sidevariabel

Set inn eit referansepunkt i dokumentet. Sidenummereringa startar på nytt frå dette punktet. Vel «på» for å slå på referansepunktet, og «av» for å slå det av. Du kan også skrive inn ei forskyving for å byrja sidenummereringa med eit anna tal.

Vis sidevariabel

Viser tale på sider mellom referansepunktet «Set sidevariabel» og dette feltet.

Brukarfelt

Set inn ein sjølvvald, global variabel. Du kan bruka Brukarfelt til å gje ein variabel for ein vilkårssetning. Når du endrar dette brukarfeltet, vert alle førekomstane av denne variabelen i dokumentet oppdatert.


Vel

Viser tilgjengelege felt for felttypen som er vald i lista Typeliste. Vil du setja inn eit felt, trykk på feltet og deretter på Set inn.

tip

For raskt å setja inn eit felt frå Val-lista, hald nede og dobbeltklikk I feltet.


Format

Viss eit felt viser ein dato, eit klokkeslett eller eit tal, bruk Format for å tilpassa visinga av datoen, klokkeslettet eller talet. Standardformata vert viste i formatvindauget. Du kan også bruka «Fleire format» for å definera eit tilpassa format.

Namn

Skriv inn namnet på det sjølvdefinerte feltet du ønskjer å laga.Dette valet er tilgjengeleg for typane «Set variabel», «DDE-felt», «Talområde» og «Brukarfelt».

warning

Sjølvvalde felt er berre tilgjengelege i det gjeldande dokumentet.


Verdi

Skriv inhaldet du vil bruka i eit sjølvdefinert felt.

I lista format bestemmer du om verdien skal leggjast inn som tekst eller tal.

note

Felta nedanfor kan berre setjast inn viss den tilsvarande felttypen er vald i lista Type.


I eit HTML-dokument er to ekstra felt tilgjengelege for felttypen «Set variablar»: HTML_ON og HTML_OFF. Teksten du skriv inn i feltet Verdi vert konvertert til ein opnings- (<Verdi>) eller ein slutt- (</Verdi>) HTML-tagg når fila vert lagra som eit HTML-dokument alt etter kva alternativ du har vald.

DDE-uttrykk

Den generelle syntaksen til ein DDE-kommando er: «<Tenar> <Emne> <Element>», der Tenar er DDE-namnet til programmet som inneheld dataa. Emne viser til plasseringa av elementet (til vanleg filnamnet), og Element står for sjølve objektet.

Dette valet er berre tilgjengeleg viss felttypen «DDE-felt» er vald.

Formel

Dette valet er berre tilgjengeleg viss felttypen «Set inn formel» er vald.

Referanse

Skriv inn teksten som skal visast i feltet. Viss du set inn eit plasshaldarfelt, skriv inn teksten som skal visast som tips når markøren vert halde over feltet.

Forskyving

Skriv inn forskyvinga for sidenummerfeltet, for eksempel «+1».

Dette valet er berre tilgjengeleg viss felttypen «Set sidevariabell» er vald.

Usynleg

Gøymer feltinnhaldet i dokumentet. Feltet vert sett inn som eit tynt, grått merke i dokumentet. Dette valet er berre tilgjengeleg for felttypane «Vel variabel» og «Brukarfelt».

Med overskriftsnummer

Bruk dette alternativet til å visa eit overskriftsnummer før eit «nummerområde»-felt. Overskriftsnummeret kjem frå ei overskrift framføre feltet.

Opp til nivå

Med typisk bruk av overskrifter i dokumentet, vil det valde talet indikera kor mange nivå av overskriftsnummer (frå nivå 1) som skal visast. Den valde verdien indikerer det høgste talet på nivå som skal visast. Det gjeldande talet på nivå kan vera mindre. Viss for eksempel viss overskriftsnummeret like framføre er 2.6, og 4 er vald, vert berre 2.6 vist. Viss [Ingen] er vald, vert ingen overskriftsnummer viste.

note

Overskriftsnummeret som er vald for vising, er den første føregåande overskrifta der disposisjonsnivået er likt eller mindre enn det valde disposisjonsnivået. Vel for eksempel «2» for å bruka overskriftsnummeret til den første føregåande overskrifta med disposisjonsnivå 1 eller disposisjonsnivå 2.


Skiljeteikn

Spesifiser teiknet som skal brukast som skiljeteikn mellom overskriftsnummeret og feltnummeret.

note

Med overskriftsnummer, Opp til nivå og Skiljeteikn er berre tilgjengeleg for felttypen «Nummerområde».


Bruk

Legg det brukardefinerte feltet til i utvalslista.

Ikon Bruk

Bruk

Fjern

Fjernar det sjølvdefinerte feltet frå utvalslista. Du kan berre fjerna felt som ikkje vert brukte i dokumentet du arbeider med. Viss du vil fjerna eit felt som vert brukt i dokumentet frå lista, må du sletta alle førekomstane av feltet i dokumentet før du fjernar det frå lista.

Ikon

Fjern

Støtt oss!