Dokumentinformasjon

Felta for dokumentinformasjon inneheld informasjon om eigenskapane til eit dokument slik dei var då dokumentet vart laga. For å sjå eigenskapane, vel Fil → Eigenskapar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Set inn → Felt → Fleire felt → Dokumentinformasjon


note

Når du eksporterer og importerer eit HTML-dokument som inneheld dokumentinformasjonsfelt, vert spesielle LibreOffice-format brukt.


Type

Listar opp dei tilgjengelege felttypane.

Type

Tyding

Merknadar

Set inn merknadane som er skrivne inn i fana Skildring i dialogvindauget Fil → Eigenskapar.

Opprett

Set inn namnet til forfattaren, og datoen eller klokkeslettet då dokumentet vart laga.

Sjølvvald

Set inn innhaldet av eigenskapane funne i fana Tilpassa eigenskapar i dialogvindauget Fil → Eigenskapar. (Er berre synleg dersom det er skrive inn tilpassa eigenskapar).

Nøkkelord

Set inn nøkkelorda slik dei er skrivne inn i fana Skildring i dialogvindauget Fil → Eigenskapar.

Sist skrive ut

Set inn namnet til forfattaren, og datoen eller klokkeslettet då dokumentet sist vart skrive ut.

Endra

Set inn namnet på forfattaren, og dato eller klokkeslett for den siste lagringa.

Revisjonsnummer

Set inn revisjonsnummeret til det gjeldande dokumentet.

Emne

Set inn emnet slik det vart skrive inn i fana Skildring i dialogvindauget Fil → Eigenskapar.

Tittel

Set inn tittelen som vart skrive inn i fana Skildring i dialogvindauget Fil → Eigenskapar.

Samla redigeringstid

Set inn kor mykje tid det er brukt til saman på eit dokument.


note

Felta nedanfor kan berre setjast inn viss den tilsvarande felttypen er vald i lista Type.


Vel

Listar opp kva informasjon som kan setjast inn i ein vald felttype.

note

Når det gjeld felttypane «Oppretta», «Endra» og «Sist skrive ut», kan du ta med forfattaren, datoen og klokkeslettet for den tilsvarande handlinga.


Format

Viss eit felt viser ein dato, eit klokkeslett eller eit tal, bruk Format for å tilpassa visinga av datoen, klokkeslettet eller talet. Standardformata vert viste i formatvindauget. Du kan også bruka «Fleire format» for å definera eit tilpassa format.

Når du trykkjer «Fleire format», vert dialogvindaugetTalformat opna slik at du kan laga eit sjølvvald format.

Fast innhald

Set inn feltet som statisk innhald. Dette betyr at feltet ikkje kan oppdaterast.

note

Felt med fast innhald vert berre evaluerte når du lagar eit nytt dokument frå ein mal som inneheld eit slikt felt. For eksempel vil eit fast datofelt verta oppdatert til å visa datoen når eit nytt dokument vert laga frå malen.


Støtt oss!